Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Kvinnelege professorar kjenner seg fagleg ekskluderte, viser rapport frå Universitetet i Bergen.

Isolerte på toppen

Forskar på kjønn i akademia: Gry Brandser har saman med kollega Sevil Sümer ved Rokkansenteret i Bergen laga ein rapport om kjønna hinder for å få vitskapelege toppstillingar ved norske høgskolar og universitet.

Ny rapport viser at kvinnelege seniorforskarar kjenner seg isolerte, utestengde og usynleggjorte.

Kvinner er i fleirtal ved høgare utdanningsinstitusjonar, både blant studentar og doktorgradsstipendiatar, men så fell kvinnedelen bratt fram mot faste forskarstillingar. Det trass eit politisk ønske om kjønnsbalanse ved universitet og høgskolar og eit sterkt engasjement blant kvinner for eiga forsking.