Urolege menneske

Nytt språk: I sin nye roman, «De urolige», skriv Linn Ullmann inn minna frå oppveksten. Foto: Margit Bratlie Selsjord

Minnearbeid: Linn Ullmann har skrive ein roman om det å hugse.

Linn Ullmann har skrive ei bok om far sin, filmskaparen Ingmar Bergman. «De urolige» er også ei undersøking av det å bli gamal, det å bli åleinemor på 60-talet, det å vakse opp som barn av to suksessfulle foreldre som held til på kvar sin kant, om det å vere imellom – mellom menneska, språket, mellom minne og roman, mellom liv og død. Kanskje er det denne boka ho har skrive seg opp mot i heile forfattarskapen. Ein kan kjenne igjen hendingar, namn og karaktertrekk frå dei tidlegare romanane hennar her, særleg minner Isak i «Et velsignet barn» og Jenny i «Det dyrebare» om faren i «De urolige».