Du kan bla til neste sideBla med piltastene

C.J. Hambro fekk til mykje, men kampen mot stormaktene tapte han:

Småstatsmannen

Skapte konflikt: Høgremannen C.J. Hambro heva seg ofte over partipolitikken og gjekk utover mandatet i rollene sine, noko som skapte konfliktar. Foto: Nasjonalbiblioteket

FN hadde truleg vore meir handlekraftig og demokratisk om stortingspresident C.J. Hambro hadde fått det som han ville. Det meiner biograf Iselin Theien.

Carl Joachim Hambro sette sitt preg på nokre av dei viktigaste hendingane i norsk politikk. Han er kalla mannen som berga storting, regjering og konge den 9. april 1940. Det færre veit, er at Hambros handlingar på invasjonsdagen dels var baserte på røynsler han hadde gjort seg i Folkeforbundet, forløparen til FN.