Du kan bla til neste sideBla med piltastene

• Ingen samtalar mellom regjeringa og støttepartia om skattereform • Ap reagerer på sololøp

Har ikkje snakka saman

VEIT INGENTING: Verken KrF eller Venstre er orientert om forslaga i skattereforma. Her er dei fire partileiarane i regjeringspartia og støttepartia valkvelden 2013. Foto: Anniken C. Mohr

REFORM: Draumen om eit bredt skatteforlik kan gå i knas. Fem dagar før regjeringa skal presentera skattereforma si har dei ikkje snakka med eit einaste av dei andre partia på Stortinget.

Onsdag legg finansminister Siv Jensen (Frp) fram neste års statsbudsjett. I tillegg presenterer finansministeren det som kan bli dei største endringane i skattesystemet på ti år.