Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Ap klare for å kutta i selskapsskatten, sjølv om LO meiner det er lurt å halda att:

Lover kutt til selskapa

KLAR FOR KUTT: Arbeidarpartiet håpar regjeringa inviterer til eit bredt skatteforlik, og er sjølv klare for å kutta i selskapsskatten, seier Truls Wickholm. Foto: Heiko Junge, NTB scanpix

KUTT: Seks dagar før regjeringa presenterer si nye skattereform, vil Ap berre slå fast éin ting: Skatten til norske bedrifter skal ned.

– Me har ingen problem med å kutta selskapsskatten. Me gjorde det seinast i 2013 som del av vår vekstpakke. For oss har utgangspunktet vore at reknestykket skal gå opp, for at staten skal få inn nok pengar, seier skattepolitisk talsperson i Ap, Truls Wickholm, som er vara for Jens Stoltenberg på Stortinget.