MEDVIND: Med SV-dronning Oddny Miljeteig nede for teljing, gir heile Bergen SV litt ekstra i denne valkampen. Over heile landet har SV vind i ryggen.
– Forteljinga om at SV er ute av norsk politikk er snudd, seier Mikkel Grüner, andrekandidat for SV i Bergen. Han tok over som frontfigur i Bergen SV etter at Oddny Miljeteig vart alvorleg kreftsjuk.