- Denne veka samlar AUF seg til sommarleir på Utøya igjen, fire år etter den forferdelege terroraksjonen der 69 ungdommar vart drepne. «Vi skal ta Utøya tilbake», varsla daverande AUF-leiar Eskil Pedersen allereie dagen etter 22. juli. For han og det klare fleirtalet av AUF-arar var og er det avgjerande at Utøya igjen blir ein politisk samlingsstad. Sidan terroren var retta mot AUF grunnverdiane deira, vil dei ta øya i bruk for å vise at dei ikkje lar seg kneble eller diktere. I åra som har gått har AUF-arar vore tilbake til minnesamlingar og dei har drive gjenoppbygging og opprusting på øya. Når AUFs sommarleir startar fredag, har dei tatt tilbake Utøya.
Utøya
Leder