Det nye Prøysenhuset lever ikkje opp til målsetninga om å vere eit nasjonalt kulturhus, meiner Prøysen-musikarane Jørn Simen Øverli og Frode Berntzen.
Prøysenhuset, der det ligg ved Prøysenstua i Ringsaker, tar mål av seg å vere eit «nasjonalt kulturhus til ære for Alf Prøysen», som skal «heidre, minne og aktualisere arven etter Prøysen – og inspirere stadig nye generasjoner». Eitt år etter at det nye Prøysenhuset opna, som ein del av 100-årsmarkeringa av Prøysen, har ikkje huset klart å leve opp til målsettinga, meiner musikar og Prøysen-tolkar, Jørn Simen Øverli.