KAMPMODUS: To bygdelister som er einige om det meste og ein einaste ordførarkandidat som vurderer å gje seg: Velkommen til valkamp i Modalen.
– Forskjellen mellom dei to listene? Nei, det klarer eg ikkje å forklara. No har ikkje listene spikra programmet før valet, men eg trur ikkje det kjem til å bli store nyanseforskjellar, seier Knut Moe.