Med utgangspunkt i eit engelsk sjødikt, islandske soger og Tim Buckleys «Song to the Siren», kastar Caroline Bergvall nytt lys på flyktningkatastrofen i Middelhavet.
Sommaren 2011, i kjølvatnet av den arabiske våren, sette 72 mennesker seg i ein liten gummibåt og flykta frå krigen i Lybia. Målet var å kome seg over Middelhavet, til Europa og eit nytt liv. Berre ni av dei klarte ferda over havet. Midt i eit av dei meste overvåka havområda, blei bildet av personane på ein båt ei skremmande åtvaring om det som har blitt ei stor humanitær katastrofe.