VERA ELLER IKKJE VERA

På liv og død: Bokbransjen går ei usikker framtid i møte. Her er Jan Davidsz de Heem sitt måleri «Vanitè» frå 1628. Illustrasjon: Wikicommons

Bokkrise? Det er ei utbreidd kjensle av at heile bransjen står ved eit vippepunkt, og at ingen veit kor vegen går vidare.

Saman med distriktspolitikken er den litterære politiske økonomien kanskje den mest vellykka sida av blandingsøkonomien. På same vis som dei kommunale musikkskulane har skapt eit rikt musikkmiljø og briljante instrumentalistar, har dei statlege støtteordningane vore med på å få fram stor breidde og høge toppar i den norske litteraturen.