Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Utbyttefest for aksjonærane kan tvinga Statoil til banken for å låna 50 milliardar dei to neste åra:

Fryktar gjeldsbombe i Statoil

SLÅR ALARM: Aksjeanalytikar Christian Yggeseth i Arctic Securities meiner Statoil bør kutta i utbyttet – all den tid oljeprisen ikkje gjer eit skikkeleg byks.

BAKSMELL: Trass raude tall skal Statoil betala 50 milliardar i utbytte dei neste to åra. Analytikar Christian Yggeseth trur selskapet må låna pengane, og åtvarar mot store kutt på sokkelen.

Etter oljepriskollapsen i fjor haust har ikkje Statoil pengar i kassa til å betala utbytte. Med mindre oljeprisen gjer eit byks, kan utbyttefesten i Statoil få dramatiske følger.