Det er noko friskt og tydeleg over diskusjonen som har oppstått rundt Osvald-monumentet. Vi kan alle følgja med. Den har klare ideologiske sider, slik det vert uttrykt ved representantar frå Civita. Det same vert uttrykt ikkje fullt så klart frå «kunstmesénen» Christian Ringnes, som tillet seg å minna om det vulgære og upassande ved Osvald-monumentet. Tydelegvis ser han ingen vulgaritet i den nokså banale tigeren som ved ein eller annan dunkel prosess er plassert i eit offentleg byrom, eller i den evige kroppsknytte Kate Moss i Operapassasjen, for ikkje å snakka om småflaskemuseum med inkludert bordell som del av hovudstadens fargerike, kulturelle tilbod. Eg let vera å nemna tileigninga av Ekebergskogen frå det offentlege.