Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Entusiasmen er liten for store kutt i formuesskatten i statsbudsjettet:

Lunkne til kutt i skatten

LITEN SKATTESTØTTE: Erna Solberg får ikkje mykje oppbakking frå eigne fylkesleiarar i arbeidet med å kutte formuesskatten. Foto: Tom Henning Bratlie

INGEN KUTTFEST: Høgre bør ikkje ha kutt i formuesskatten som sin hovudprioritet i statsbudsjettet for 2016, meiner ei rekkje fylkesleiarar.

I årevis har Høgre-toppane vore krystallklare: Formuesskatten skal bort. No viser Klassekampens ringjerunde at berre éin einsleg fylkesleiar meiner formuesskatten bør vere ein hovudprioritet for Høgre i haustens statsbudsjett.