- Sogn og Fjordane er det nærmaste du kjem paradis her i verdas rikaste land, og det er slett ikkje berre fordi fylket er så guddommeleg vakkert. Statistikkane viser at dei vel 100.000 innbyggarane rett og slett har det betre enn andre nordmenn. Fjordfylket skårar høgt på indikatorane som bør vera høge og lågt på slikt som ikkje er så bra. Kriminaliteten er låg, ekteskapa varer, elevane er flinkare, innbyggarane er sunnare og dei lever til og med lenger enn folk i andre delar av landet. Sogn og Fjordane har dessutan eit sterkt næringsliv, med fiske og oppdrett, reiseliv og industri som livskraftige næringar. Sjølv om fylket ligg langt frå marknadane, blomstrar næringsmiddelindustrien, og jamvel innan design og tekstil skjer det viktig nyskaping. Typisk nok er det Sogn og Fjordane som gir oss Moods of Norway.
Utarming
Leder