Du kan bla til neste sideBla med piltastene

• Ukraina trekker tilbake våpna sine • Strid om gass, og om ein fanga pilot

Ukrainas krigsheltinne

Heltinne: Den ukrainske piloten Nadezjda Savtsjenko har sveltestreika i over to månader i russisk fengsel, og no fryktar folk for livet hennar. foto: Maxim Zmeyev, Reuters/NTB Scanpix

HELTINNE: Den ukrainske hæren begynte i går å trekkje seg tilbake frå fronten. Samstundes har Ukraina fått ei ny krigsheltinne: ein 33-årig jagarpilot som sveltestreikar i russisk fengsel.

Onsdag fekk Vladimir Putin overlevert over 11.500 underskrifter frå folk som krev at den ukrainske militær-navigatøren Nadezjda Savtsjenko blir sett fri frå russisk varetekt. Ho har vore fengsla sidan juni 2014 og har dei siste 75 dagane sveltestreika i protest.