Ikkje alle krigsheltar vart hylla som Max Manus. Tore Severin Netland har laga film om sabotasjeleiaren som vart spiondømd.
Då Noreg vart invadert den 9. april 1940, var Asbjørn Sunde ein av få som var førebudd. Sjømannen og veteranen frå borgarkrigen i Spania, hadde i to år vore leiar for Osvald-gruppa. «Osvald» var Sundes dekknamn, og gruppa var ein del av kommunisten Ernst Wollwebers sabotasjeapparat. På sovjetisk initiativ hadde Wollweber etablert ein base i Oslo, retta mot nazistiske krigsførebuingar i skipsfarten.