FROSE: Situasjonen i Aust-Ukraina blir i beste fall frose når våpenkvila blir sett i verk. Ei større semje mellom Russland og Ukraina er ikkje mogleg, meiner ukrainsk ekspert.
Etter at våpenkvila mellom partane i Ukraina-konflikten var signert torsdag morgon, heldt kampane fram i dei kriseramma områda i Aust-Ukraina. Ifølgje NTB vart åtte soldatar drepne og 34 skadde i samanstøyt med separatistane det første døgnet etter signeringa. Seinare på dagen i går vart det meldt om at to sivile var drepne i eit granatangrep i byen Sjtsjatsja nordvest for Luhansk.