Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Regjeringa med dårlegaste måling nokon sinne:

Nye tap for Siv og Erna

Ned, ned, ned: Finansminister Siv Jensen (Frp) og statsminister Erna Solberg (Høgre) har aldri gjort det dårlegare samanlagt enn no på målingane. Foto: Tom Henning Bratlie

NEDERLAG: Ap ville aleine hatt fleire stortingsrepresentantar enn Høgre, Frp, Venstre og KrF til saman, viser ei ny måling. Regjeringa kan notere seg eit historisk botnnivå.

Det er tunge dagar for dei blåblå. Asylbarnskandalen, kaoset rundt tiggeforbod, striden om sal av statlege selskap, streiken mot arbeidsmiljølova og hard kritikk frå miljørørsla for uklare klimamål er berre nokre av sakene Erna Solbergs regjering må handtere.