Det er berre å gratulera! Morten Tyldums triumf under Oscar-nominasjonane tysdag er ei storhending, sjølvsagt for filmskaparen sjølv, men også for norsk film, som vil profittera på merksemda kring Tyldums talent. Suksessen til filmen og ikkje minst regissør-nominasjonen er historisk for ein norsk filmskapar, og all grunn til å feira. Sju nominasjonar og nomineringar til alle dei største kategoriane (beste film, regi, manus og både kvinneleg og mannleg hovudrolle) plasserer «The Imitation Game» i klasse med eit eksklusivt utval filmar i Oscar-historia.
Historisk for norsk film. Ikkje fullt så historisk for Oscar.