Lørdag 27. desember 2014
SØNDAGSENGEL: Nordmenn flest seier nei til at butikkane skal vere opne veka rundt, men Anette Edvardsen er ei av dei som set pris på å kunne handle på søndagar. – Eg er sjukepleiar og jobbar vakter, så for meg er det ein stor fordel at butikkane har ope når eg har fri, seier ho.
Regjeringa pressar på for at søndagen skal bli ein handledag – mot folkets vilje:
Søndagsshopping? Nei takk.
Undersak

– Kunne godt tenkje meg søndagshandel

Anette Edvardsen er ei av dei som meiner søndagshandel er greitt. Ho meiner Noreg bør gjere som fleire andre land og liberalisere reglane.

– Ja, eg kunne godt tenkje meg det. Nesten alle andre land gjer det slik, seier Edvardsen når Klassekampen møter henne på Storosenteret i Oslo.

– Kva tenkjer du om at søndagen skal vere fri?

– Då har ein eit val sjølv. Eg trur ikkje behovet for å kjøpe blir større sjølv om fleire butikkar er opne. Sjølv kjøper eg det eg skal kjøpe uansett, seier Edvardsen, som fortel at ho ofte søndagshandlar, ikkje minst i juleinnspurten.

– Ja, då er butikkane lettare tilgjengelege. Eg har også reist til Sverige nokre gonger. Eg er sjukepleiar og jobbar vakter, så for meg er det ein stor fordel at butikkane har ope når eg har fri, forklarer Edvardsen.

– To av tre er mot at alle butikkar skal vere opne på søndagar. Kva trur du er grunnen?

– Kanskje folk vil ta vare på den stille søndagen? Folk som jobbar i butikk er vel også opptekne av å få ein fridag, meiner Edvardsen.

OPPHØYRSSAL: To av tre nordmenn seier nei til framlegget om å opne for søndagshandel heile året. No slit regjeringa med å finne fleirtal på Stortinget.

ØKONOMI

– Høgre, Venstre og Frp har gått til val på søndagsopne butikkar, og vi har fått fleirtal i valet.

Det seier Kristin Vinje, som er talsperson for Høgres stortingsgruppe i saka om søndagsopne butikkar.

Men heller ikkje i denne saka ser det ut til at regjeringa har teke folkemeininga på pulsen: I ei ny meiningsmåling Klassekampen har fått utført seier 62 prosent nei til at det skal bli tillate med søndagsopne butikkar heile året. Berre 34 prosent stør regjeringas syn.

– Folk set pris på tilbodet når det fyrst er her. Eg ser at veldig mange handlar daglegvarer på søndagar, seier Vinje til Klassekampen.

Ho meiner dagens regelverk er konkurransevridande:

– Vi vil rydje opp. I dag kan butikkar i turistkommunar halde ope, det same gjeld hagesenter og brustadbuene, seier Høgre-representanten, som meiner motstanden mot framlegget har fått i overkant store proporsjonar:

– Dette minner om debatten om innføringa av fargefjernsyn. Det er ikkje syndfloda vi skal innføre.

Fakta

Søndagshandel:

• På oppdrag frå Klassekampen har Sentio spurt 1000 nordmenn om deira haldning til søndagsopne butikkar.

• Spørsmålet som blei stilt, var «Er du for eller mot at det bør bli tillatt med søndagsåpne butikker hele året?».

• Undersøkinga blei gjort per telefon og er utført i perioden 9. til 16. desember 2014.

• Det er venta at kulturminister Thorhild Widvey vil presentere sitt endringsframlegg til opningstidslova på nyåret. Så vil framlegget gå ut på høyring, før Stortinget skal fatte eit vedtak.

• Sentio utførte den same undersøkinga i fjor. Då var 67 prosent mot, 29 prosent for og 4 prosent visste ikkje.

– Det er ingen skam å snu

Trine Lise Sundnes er leiar for Handel og Kontor, som organiserer titusenvis av tilsette i handelsnæringa. Ho meiner regjeringa må ta åtvaringa frå folket på alvor:

– Folket er mot det, partane i arbeidslivet er mot det, frivilligheita er mot det. Det er ingen skam å snu, seier Sundnes.

– Er du einig i at debatten om søndagshandel minner om fargefjernsynsdebatten?

– Noko av det som uroar meg, er at ein ikkje tek inn over seg at dette er landets største næring etter offshorebransjen. Når handelen endrar seg, får det store konsekvensar, seier HK-leiaren.

Venstre sit med nøkkelen

Sjølv om Vinje håpar på draghjelp frå Venstre, er støtta langt frå garantert. Sentrumspartiet har nemleg ikkje programfesta søndagsopne butikkar, men eit ønske om å overføre reguleringa av dette feltet til kommunane.

Sveinung Rotevatn sit på Stortinget for Venstre og meiner denne saka eignar seg for lokalt sjølvstyre:

– Kor vidt ein butikk held oppe eller ikkje er ikkje noko Stortinget bør avgjere, sier Rotevatn.

– I undersøkinga er 67 prosent av Venstre-veljarane motstandarar av opningsframlegget. Kva tenkjer du om det?

– Dette blei vedteke samrøystes på landsmøtet, så vidt eg hugsar. Eg trur folkefleirtalet kan leve med vår konklusjon i denne saka.

Kristin Vinje meiner derimot saka høyrer heime i Stortinget:

– I utgangspunktet meiner eg dette bør avgjerast på nasjonalt nivå.

– Men de har ikkje fleirtal?

– Vi må forhandle på Stortinget, men det er viktig å merkje seg at det er fleirtal for å rydje i lovverket.

politikk@klassekampen.no

Torsdag 17. august 2017
LØFTE: Ap sliter på meningsmålingene. Nå lover de tusenvis av nye lærere og vil bruke ti milliarder mer på skole de neste årene. Lærerorganisasjonene og SV gir Ap skryt.
Onsdag 16. august 2017
UTRYGGE: Mindre enn fire av ti ungdommer er trygge på at de ikke vil bli arbeidsledige i framtida.
Tirsdag 15. august 2017
UNØDVENDIG: Kun 58 av over en halv million nordmenn med formuesskatt søkte den nye ordningen med utsatt skatt for bedriftseiere som sliter. Regjeringen innrømmer at det var færre enn antatt.
Mandag 14. august 2017
LIKE BARN: Det er den politiske eliten som er mest ettertrakta når organisasjonane flokkar seg til Arendals­uka. Det er langt mindre viktig å møte vanlege folk, viser ny forsking.
Lørdag 12. august 2017
FLOTT: Lederen for de postansattes fagforbund får sponset en leilighet til 10,4 millioner kroner i et av Oslos dyreste strøk.
Fredag 11. august 2017
(U)AVHENGIG: Rasmus Hansson insisterer på at MDG kan samarbeide både til høgre og til venstre. Men han kan ikkje svare på korleis ei høgresideregjering skal oppstå utan Frp.
Torsdag 10. august 2017
KUTT: Sp-leder Trygve Slagsvold Vedum mener forsvarsministeren har feilinformert Stortinget om kutt i Heimevernet.
Onsdag 9. august 2017
KUTT: HV-sjef Tor Rune Raabye vil vurdere å trekke seg i protest om planene for kutt i Heimevernet blir stående.
Tirsdag 8. august 2017
JULENISSE: Kommunalminister Jan Tore Sanner (H) deler ut millioner til kommuner som skal eller vil slå seg sammen. Per Olaf Lundteigen (Sp) sammenlikner statsråden med en julenisse på tokt.
Mandag 7. august 2017
URO: 61 prosent av velgerne mener de økonomiske forskjellene har blitt for store i Norge, viser en ny meningsmåling. – Tallene viser at det er en folkelig uro, sier SVs Audun Lysbakken.

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk