Onsdag 26. november 2014
EI EIGA KRAFT: Den demografiske utviklinga følgjer sine eigne lover, og går som ein djup struktur gjennom verdshistoria, fortel Espen Søbye, som har skrive SSBs bidrag til Grunnlovsjubileet.
Statistisk sentralbyrås (SSB) tilskot til grunnlovsjubileet er ei litterær tolking av «Folkemængdens bevægelse»:
På statistiske vandringar
Espen Søbye har ­skrive jubileumsbok om ein statistisk ­tabell – ei «coffee-tabell-bok».

bøker

– Det lyd kanskje nerdete, men dette er altså ei bok om ein tabell: «Folkemengdens bevegelse» viser endringane i fødde, døde, utvandra og innvandra i Noreg kvart år frå 1735 til 2014, den lengste tidsserien publisert her til lands, forklårar Espen Søbye.

Fakta

Folkemengdens ­bevegelse:

• Statistisk sentralbyrå (SSB) presenterte i går sitt bidrag til Grunnlovsjubileet, boka «Folkemengdens bevegelse 1735–2014. En tabellstudie» (Oktober Forlag).

• Boka er skriven av sakprosa­forfattar og filosof Espen Søbye, som tidlegare blant anna har skrive biografien om Johan Scharffenberg.

Ein unik tabell

Då Statistisk sentralbyrå (SSB) skulle markera grunnlovsjubileet med ei bok om befolkningsutvikling, vende dei seg til Espen Søbye. Sakprosaforfattaren har sjølv arbeidd ved SSB, men ikkje med befolkningsstatistikk.

– At det var noko nytt, gjorde oppdraget freistande, seier Søbye.

I tillegg er tabellen unik. «Folkemengdens bevegelse» er ein internasjonal statistisk standard. Alle land fører slike tabellar, men ingen kan føra sin talserie heilt tilbake til 1735. Med unntak for Danmark og Island, då, for opphavet til den sentrale registreringa finn ein i København under eine­veldet. Kongen ville ha kontroll med prestane og med at folket utførte sine religiøse plikter, og dei eldste tala er avskrift av kyrkjebøkene.

– Det å følgja talrekkja opp gjennom hundreåra – opphavet, ajourføringa og tolkinga av tala – gav boka struktur og gjorde det mogleg å seia noko samanfattande om befolkningsutvikling, fortel Søbye.

Han valte å gå laus på tabellen som om han var eit stykke litteratur, for dette er ein kulturell manifestasjon, meiner Søbye. Og då er tabellstudien kanskje ikkje så nerdete, likevel?

Anders Nicolai Kiær, den første direktøren ved Det Statistiske Centralbureau, uttrykte det slik i 1890: «Statistiken over Folkemængdens Bevægelse har betydningsfulde Samfundsforhold og de mest indgribende Momenter i Menneskelivet til sin Gjenstand.»

Færre fødde og færre døde

Befolkningsstatistikk handlar om store, seige drivkrefter i historia. Dei to viktigaste endringane som talrekkja provar, er fallet i dødsraten etter Napoleonskrigane tidleg på 1800-talet, og fallet i fødselsraten etter 1900.

– I dag er død knytt til alderdom. Berre 0,4 prosent døyr før dei er eitt år. Midt på 1800-talet døydde 19 prosent av spedbarna i løpet av sitt første leveår. Infeksjonssjukdommar var den største dødsårsaka, seier Søbye.

Så byrja fleire spedbarn å leva opp, årsakene er samansette: Fleire fertile kvinner, større kunnskap om hygiene. Effekten er enorm.

– Presset i familiane aukar, det blir ikkje nok jord, samstundes som smittsame sjukdomar er mindre farlege i grisgrendte strok, enn i trongbudde byar. Folkeoverskotet på bygda får byane til å veksa gjennom tilflytting. Urbaniseringa aukar og vi får masseutvandring til Amerika. Det skjer i heile Europa. På mange vis startar den moderne verdshistoria med denne folkeveksten og europeisk eksport av folkeoverskot til andre kontinent.

Så minka fødselsraten.

– Når fleire vaks opp, trong ein færre fødslar for å tryggja familien. Det la grunnlaget for tobarnsfamilien som norm og for kvinnefrigjeringa, noko argumenta til dei som uroa seg for fallande fødselstal viser, forklarar Søbye.

Fleire enn prestar synest framtida såg mørk ut, med utearbeidande kvinner som ikkje produserte barn.

SSBs Julie E. Backer forklåra nøkternt, at det er talet på kvinner i «gifteferdig» alder som i hovudsak avgjer fødselsraten.

Kor djup og sterk denne strukturen er, viser auken i fødsels­raten frå 1936 til 1945 – tvers gjennom dei utrygge okkupasjonsåra. «Babyboomen», som heldt fram ut i etterkrigstida, var eigentleg ein giftemålsboom.

Dreiv fram velferd

I mellomkrigstida oppretta våre nordiske granneland befolkningskommisjonar for å førebyggja avfolking. Norske prognosar viste at vi knapt ville koma over tre millionar innbyggjarar før folke­talet kom til å krympa att.

Arbeidarpartiets Åse Lionæs og Arne Skaug bygde vidare på Alva og Gunnar Myrdals studiar av Sverige, og presenterte kimen til etterkrigstida sin velferdsstat: Helsestell, sosial bustadbygging, gratis skolebøker, «folkebarne­haver» og så vidare skulle gjera det lett å få fleire barn.

– Motivet var å halda produksjonen oppe – ikkje ein sosialistisk utopi, men same kva dei trudde, så tok dei feil, seier Søbye.

I 2013, med fedrepermisjon og alt som er, vart det fødd 58.000 barn i Noreg – det same talet som i 1877, då folketalet var 1,8 millionar. Om forholdet mellom folketal og fødslar hadde vore det same som i 1877, ville vi hatt 180.000 nyfødde i 2013.

Kamp om innvandrarar

Den lange trenden – og det er den befolkningsstatistikarane ser etter – er at det blir fødd færre menneske, men at vi blir eldre.

– På 1930-talet vart det åtvara mot «den gule fare», befolkningsoverskotet i Aust-Asia, som kunne føra til folkeeksport. I dag har Japan lågare fødselsrate enn ­Noreg, trenden er lik i Sør-Korea og andre land.

I Noreg fall vi på 1970-talet under reproduksjonsgrensa, samstundes med at vi fekk p-pillar og sjølvbestemt abort.

– Folkeveksten kom av at færre døde. Den andre årsaka til folkevekst i dag, er innvandring.

Frå 1967 har Noreg vore eit land med permanent innvandringsoverskot, men overgangen frå utvandringsland til innvandringsland gjekk føre seg gjennom heile 1900-talet. Det same gjeld for Europa.

Den globale kampen om innvandrarane har alt starta.

– Om lag 170 norske kommunar held folketalet oppe ved innvandring frå utlandet. Det handlar om eksistensen til samfunna: Å halda oppe skolar, arbeidsplassar, skatteinntekter, offentlege tenester og bustadprisar, seier Søbye.

Når folketalet fell, fell resten som dominobrikker.

Så lange historiske liner, så mange tal og dramatiske fakta – i ei bok du trygt kan ha på kaffi­bordet.

– Dei er vel nøgde på SSB no, då?

– Eg veit ikkje. Dei er nøkterne i tilbakemeldingane.

– Dei leflar ikkje med adjektiv.

– Nei.

guri.kulaas@klassekampen.no

Onsdag 17. oktober 2018
To småforlag føler seg ført bak lyset av Kulturrådets innkjøpsordning. – Det føles som om de har rappa bøkene våre, sier forlegger Andreas Høy Knudsen.
Tirsdag 16. oktober 2018
To av tre menn er bekymret for feilaktige anklager om seksuell trakassering etter metoo.
Mandag 15. oktober 2018
Jo Strømgren Kompani styrer mot nedleggelse, og Verdensteatret kan måtte avlyse verdensturné. Snart vil Kulturrådet besegle skjebnen til to av landets fremste kompanier.
Lørdag 13. oktober 2018
Hver tredje unge mann er blitt mer forsiktig med hva han sier og gjør etter metoo, viser ny undersøkelse.
Fredag 12. oktober 2018
Frp-velgere flest er skeptiske til metoo-kampanjen, viser en ny meningsmåling. – Sunt, mener Silje Hjemdal, likestillingspolitisk talsperson i partiet.
Torsdag 11. oktober 2018
Regjeringens forslag om et lavterskeltilbud for saker om seksuell trakassering får stor oppslutning. Men arbeidsgivere frykter for de anklagedes rettssikkerhet.
Onsdag 10. oktober 2018
Mens regjeringen åpner lommeboka for nye museumsbygg, blir drifts­budsjettene kuttet for femte år på rad. Flere kulturbygg må stenge dørene.
Tirsdag 9. oktober 2018
Etter fem år med blåblå kulturpolitikk vil opposisjonen på Stortinget stanse regjeringens forsøk på å dreie kunst- og kultur­livet i en mer markedsliberal retning.
Mandag 8. oktober 2018
Gaveforsterkningsordningen blir videre­ført til neste år, selv om sterke aktører i kulturlivet mener den bør skrotes.
Lørdag 6. oktober 2018
Bøkene til blogger Annijor og «Ex on the beach»-Henrik tydeliggjør behovet for et etisk regelverk for sakprosa, hevder advokat. – Det er viktigere å utfordre grenser enn å vedlikeholde dem, mener Forlegger­foreningen.

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk