Prosessen med kommunereform er i full gang. Nokon meiner at det vil gå med denne saka som med OL-søknaden. At ei reform vil stranda på grunn av manglande folkeleg oppslutning. Til det kan det innvendast at medan det i OL-saka ikkje var nokon politisk avklaring før prosessen starta, er ikkje det tilfelle med kommunereform. Ei kommunereform er forankra i samarbeidsavtalen mellom regjeringspartia og KrF/Venstre, og Arbeidarpartiet er også for reform. Likevel kan det godt skje at det ikkje kjem noko utav det, fordi ein ikkje blir einige om kva som skal vera innhaldet. Slik saka står no, trur eg skeptikarane får rett.
Vil det gå med kommunereform som det gjekk med OL?