Du kan bla til neste sideBla med piltastene

I LO-forbunda vil ingen stø Agenda:

Forbunda vel Manifest

KAMP OM KRONER: Manifest-leiar Cathrine Sandnes og Agenda-sjef Marte Gerhardsen driv kvar si tankesmie på venstresida. No kjempar dei om dei same fagforeiningskronene. Foto: Anniken C. Mohr

TANKEKRIGEN: Eit år etter oppstarten vil framleis ingen LO-forbund gå inn på eigarsida i Tankesmien Agenda. Samstundes varslar fleire opptrapping i støtta til Manifest.

– Vi vurderer framleis kva slags samarbeid vi skal ha med Agenda. Vi bruker den tida vi treng for å finne ut om dette er eit føremålstenleg samarbeid for oss, seier Tone Zander, informasjonssjef i Fagforbundet.