«Det er ei syrgjeleg tid her no blant gjentorne. Dei er so nedbøygde av vekkelse», klaga Synnøve Riste over voldajentene i 1888.
Kulturkampen i 1880-åra kan fortelja oss noko om Volda i dag.
Kirgisistan er eit ungt demokrati under sterkt ytre og indre press.
«Det gjekk lang tid før eg forstod kvifor far min slo av tv-en kvar gong Mikhail Gorbatsjov dukka opp på skjermen», fortel den kirgisiske guiden vår, Aiko, mens vi ristar av garde i minibussen som skal ta oss ut av hovudstaden Bisjkek. På bussdøra står det «Vi sikrer velvære og tryghed». Byen er full av gamle, importerte bilar, noko lungene våre har merka etter berre korte opphald i gatene. No skal vi sjå korleis folk lever på landsbygda, og gler oss til å komme ut av konferansesalen og opp i fjella som lokkar i det fjerne.