Du kan bla til neste sideBla med piltastene

No kan du se filmen om Women on Waves – ein seglande abortklinikk i internasjonalt farvatn:

Dei lagar abortbølgjer

HAMNEBRÅK: Rebecca Gomperts freistar å koma i tale med demonstrantar på land, under Women on Waves’ reise til Spania. Foto: frå filmen

Rebecca Gomerts var Greenpeace-aktivist, men hadde ikkje sett motstand før ho starta ei internasjonal abortteneste til sjøs.

– Tilgang til abortpilla endrar ikkje abortpolitikken, men det gjer uønskt gravide kvinner fri frå legar, lovrestriksjonar, dels svært høge økonomiske hinder og farlege illegale prosedyrar, seier gynekologen og organisasjonsgründeren Rebecca Gomperts til Klassekampen, når vi møter henne i Bergen under Bergen Internasjonale Filmfestival (BIFF).