«Nothing fresh today». Ein liten, alminneleg setning som kunne ha handla om brød. Men dette er ein setning gjengitt av Joan Didion i hennar bok om El Salvador og det handlar ikkje om ferske bakarvarer. Ho skriv også om bilar, om Cherokee Chief-bilane med sota og skotsikre glas, om ein raud Toyota trekvarttonns pickup og tre andre overbygde Toyota-bilar, ein gul, ein blå og ein grøn, og det handlar heller ikkje om bilar.
Joan Didion går til litterært angrep på verkelegheita i sin bok frå borgarkrigen i El Salvador, skriv Sigrun Slapgard.