KRITIKK: Med den økonomiske krigføringa mot Russland har regjeringa lagt tryggjings- og nordområdepolitikken i hendene på EU. – Eit dramatisk linjeskifte i norsk politikk, meiner Ivan Kristoffersen.
Noreg slutta seg til EUs sanksjonar mot Russland tidlegare denne månaden. Dei 28 medlemslanda i EU vart einige om ei betydeleg opptrapping av sanksjonane mot Russland i slutten av juli, som følge av konflikta i Ukraina.