At norsk utanrikspolitikk var under press frå USA i etterkrigstida er velkjent. Kvalsaka var ikkje noko unntak, då USA brukte miljøvernminister Olav Gjærevoll som brekkstong for å stoppe norsk kvalfangst. Slik var starten til det som på 1980-talet utvikla seg til ein «kvalkrig» mot ei stormakt som også var ein alliert. Her fekk Noreg erfare korleis eit land med rike fiskeressursar også er sårbart i konfliktar.
Med hjelp av forsking og kvaldiplomati greidde Gro Harlem Brundtland å avverja sanksjonar mot Noreg på 1990-talet.