Tenk deg eit liv med lange arbeidsdagar, kanskje i to-tre ulike jobbar, utan at du kan leva av løna di. Tenk deg at du blir tilsett i den same jobben fleire gonger om året, utan å ha utsikter til ei fast tilsetting. Tenk deg at du aldri tør å protestera når vaktlistene kjem seint, igjen. Det har vore kvardagen for millionar av menneske i USA i årevis. Det er kvardagen for ein stor del av tyske arbeidstakarar, og det har blitt kvardagen for mange svenskar. Arbeidande fattige kan bli eit sterkt innslag også i det norske arbeidslivet.
Om nokre år er det kanskje ikkje nok å vera "innanfor".