Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Norsk Kulturminnefond har berre midlar til å dekke ein fjerdedel av det det vert søkt om:

– Kulturminna går tapt

MYKJE ARBEID: Parkteatret har status som verneverdig frå byantikvaren, og Pål Steigan skulle gjerne fått pengar frå Norsk Kulturminnefond til å fikse vasskadar innvendig.

I fjor hadde Norsk Kulturminnefond ei auke på 20 prosent i tal på søkjarar. Dei kunne dele ut 55,5 millionar. Det vart søkt om fire gongar så mykje.

– Det er enormt mykje kulturminne som går tapt, seier direktør i Norsk Kulturminnefond, Simen Bjørgen.