I seinare tid har EU-eliten gått på to kraftige smell. Den første smellen var politisk. Ved vala til EU-parlamentet i mai måtte grupperingane av unionsentusiastiske konservative og sosialdemokratar notere ein kraftig tilbakegang. Dei har no berre litt over 50 prosent av dei 751 seta i parlamentet. Nær halvparten av det nye EU-parlamentet er sett saman av «EU-skeptikarar» som strekkjer seg frå den yttarste politiske høgrefløya til den sosialistiske venstresida. Valet viste at folka i Europa ikkje bryr seg om EU-elitens utskjelling av unionskritikarane som «uansvarlege populistar».
EU-eliten driv Europa mot økonomisk ruin og politisk diktatur – utan skam.