Eit sidemålssprang

Å rette – rettar – retta – eg har retta fleire hundre elevtekster siste år. Om lag ein tredjedel av dei har elevane skrive på nynorsk. Trur dei. Viss dei ikkje har skreve, da. For det gjer dei. Å skrive – skriver – skrivde – har skreve er ein av dei mange variantane dei byr på. Det synest heilt umogleg å få inn i haudet – hugu – hovudet korleis ein bøyer verba. Eller substantiva. Det må jo høyrest merkeleg ut, ellers er det sikkert ikkje nynorsk, tenkjer dei. Dei vel seg eitt tema – ja, tenk, berre eitt – av dei alternativa som oppgåvesettet byr – bjur – bauer på. Ser ikkje skilnaden på artikkel og talord, det gjer dei heller ikkje i bokmål. Og dei skriv i veg. Laust og fast. Dei er opptekne av at alle menneskjar – menneskane – folka skal få skrive kva dei vil, om all ting. Så det gjer dei. Det speler inga rolle kva oppgåveordlyden er. Om dei skal analysere og peike på verkemidla – eller virkemedela – eller kva det no heiter – i ei novelle eller eit essay, det går for det same, viss dei meiner noko anna enn det forfattaren meiner så skal dei sanneleg skrive det, det er mykje viktigare enn dei kjedelege verkemidla. Det verkar mykje betre, tenkjer dei, om dei skriv kva dei tenkjer sjølve. For det har læraren sagt, at det er viktig med evne til vurdering og refleksjon, det står i læreplanen. Så det så.