Tirsdag 18. mars 2014
TALER JENS MIDT IMOT: Tidlegare LO-leiar Gerd-Liv Valla meiner SV og hennar eige parti, Ap, overdriv realitetane i reservasjonssaka. Foto: Stian Lysberg Solum, SCANPIX
Tidlegare LO-leiar Gerd-Liv Valla meiner Ap og SV tek feil i reservasjonsrettsaka:
Valla stoler på Solberg
KORREKS: Spørsmålet om reservasjon for fastlegar vil ikkje utfordre abortlova, meiner Gerd-Liv Valla. Ho stoler på at Høgre og Frp tek vare på kvinners ­rettar.

RESERVASJONS- STRIDEN

På syttitalet gjekk Gerd-Liv Valla i 8. mars-tog for abortlova. I 2006 blei ho kåra til Noregs mektigaste kvinne. No meiner Valla at Ap og SV held veljarane for narr når dei seier at reservasjonsretten trugar retten til fri abort.

– Eg seier ikkje dette ofte, men akkurat i denne saka stoler eg faktisk på Høgre og Frp, seier Gerd-Liv Valla.

– Er ikkje det ein farleg strategi?

– Nei, det er farlegare å rope ulv-ulv når det ikkje er grunnlag for det. Då blir politikken stadig meir meiningslaus, seier den tidlegare LO-leiaren.

– Eg vil understreke at eg er den varmaste forsvararen av abortlova, som eg var med og kjempa for på syttitalet. Men dette handlar om noko anna, meiner ho.

Gerd-Liv Valla var ein av arkitektane bak det raudgrøne regjeringssamarbeidet. Som LO-leiar frå 2001 til 2007 fekk ho mykje av æra for nyorienteringa som gjorde at Ap steig med nesten ti prosentpoeng frå 2001 til stortingsvalet i 2005. I år var ho hovudtalarar på 8. mars-arrangementet i Stavanger, der om lag 1000 menneske deltok. Det var langt fleire enn tidlegare år.

– Eg kritiserer ikkje 8. mars-deltakarane. Det er flott at folk engasjerer seg. Det var masse folk i toget i Stavanger, og ei fantastisk oppleving, seier Valla.

– Kva parole gjekk du under?

– Eg gjekk for sekstimarsdagen.

I eit intervju med Stavanger Aftenblad 8. mars sa ho at ho oppfattar debatten om reservasjonsretten som «totalitær», og at ein må erkjenner at folk har ulikt verdisyn. Ho tviler på at kvinnene vil møte problemet i praksis.

– Fleire i KrF og Høgre bruker dine utsegner frå Stavanger for å argumentere for sitt syn. Er du komfortabel med det?

Fakta

Reservasjonsstriden:

• KrF, Høgre og Frp inngjekk ein eigen avtale om at legar skulle få høve til å reservere seg mot å vise pasientar til abort.

• Avtalen har vakt sterke reaksjonar, og i fleire byar var 8. mars-toga rekordstore.

• Helseminister Bent Høie har sendt ei lovendring ut på høyring. Ap og SV har protestert kraftig mot lovendringsframlegget.

• I eit intervju med Stavanger Aftenblad 8. mars uttalte tidlegare LO-leiar Gerd-Liv Valla at ho meinte SV og Ap overdreiv realitetane i saka.

– Abortretten er trygg

– Det viktige her er å ta eit standpunkt til kva saka dreier seg om. Det er viktig å vere ærleg i politikken.

– Men gjer ikkje KrF dette fordi dei vil innskrenke abortretten?

– Eg vil ikkje spekulere i kva som er motiva til KrF. Dei er aleine om å ville endre abortlova, men eg er ikkje redd for at lova vil bli truga, seier Valla.

– Kvifor ikkje?

– Ein må sjå på samansetninga i Stortinget. Det er berre eitt parti som ønskjer å innskrenke kvinners rett til abort, og det partiet representerer stadig færre. Men i eit demokrati må ein òg akseptere at eit mindretal meiner noko anna, seier Valla.

– Valla tek feil

I dagens avis skriv Valla mellom anna at «I Debatten sist torsdag, hvor reservasjonsretten/ -muligheten var et dominerende tema, deltok både Jens Stoltenberg og tidligere likestillingsminister Inga Marte Thorkildsen. Inntrykket de etterlot seg var klart: den blåblå regjeringens forslag vil uthule og rokke ved kvinners rett til sjølbestemt abort. Jeg synes dette er problematisk av flere grunner.»

Snorre Valen, stortingsrepresentant for SV, meiner Valla tek feil i sin analyse:

– Ho tek feil av to grunnar: Reservasjonsframlegget vil reelt sett innskrenke kvinners rett til abort i mange lokalsamfunn. I tillegg er det sånn at endringa uthôlar prinsippet om at alle har dei same rettane i velferdsstaten. Då er det ikkje viktig om det er 50 eller 5000 legar som vil reservere seg – sjølve prinsippet er under press, seier SV-politikaren.

– Men gjer venstresida denne saka større enn ho eigentleg er?

– På Stortinget får vi massivt med tilbakemeldingar om denne saka. Eg har aldri vore borti noko liknande. Dette engasjementet er ikkje drive fram av noko parti, det er kvinner flest som engasjerer seg, seier Valen. Han meiner det er vanskeleg å forstå korleis ein skal innføre høve til reservasjon utan at det skal krenkje kvinners rettar.

– Dette er heilt klart eit spørsmål om abort. KrF er partiet som har kjempa fram dette framlegget. Dei har inne eit grunnlovsframlegg om å innskrenke abortretten. For Høgre er dette ein rein hestehandel der dei byter bort likestilling for å få gjennomføre meir av sin økonomiske politikk, meiner Snorre Valen.

Arbeidarpartiet ønskte ikkje å kommentere utspelet til Valla.

politikk@klassekampen.no

Sjå òg ideer, side 12 og 13

Lørdag 16. juni 2018
PÅ DØRA: Reklameguru Ingebrigt Steen Jensen og samboeren Trude Solheim er lei av at Arbeiderpartiet ikke skaper entusiasme, og fremmer ti saker som de håper kan gjenreise partiet.
Fredag 15. juni 2018
BØYER IKKE AV: Finnmark vil møte trusler fra regjeringen med sivil ulydighet. Regjeringen lover represalier.
Torsdag 14. juni 2018
RAUD ELLER DAUD: Støre meiner tida etter valnederlaget har gjort han meir oppteken av å finne løysingar på venstresida. Om 15 månader kjem folkets dom.
Onsdag 13. juni 2018
INNTOG: Amerikanske marinesoldater skal til Indre Troms – og blir der i fem år. Opposisjonen reagerer på regjeringens forsvarspolitikk.
Tirsdag 12. juni 2018
ADVARTE: Allerede i 2016 advarte ­Statsadvokaten mot gjenger og alvorlige konflikter i Oslo. Nå er situasjonen forverret, heter det i en fersk tilsyns­rapport.
Mandag 11. juni 2018
NYE TIDER: Framtidsutsiktene for bemanningsbransjen er dystre etter at opposisjonen tvang gjennom inn­stramminger. I Trøndelag har elektro­bransjen funnet en modell som gjør byråene overflødige.
Lørdag 9. juni 2018
SENTRUM: Høyre snuser på 30-tallet på Klassekampens juni-måling, men er fortsatt av­hengig av kriserammede KrF for flertall.
Lørdag 9. juni 2018
EN TID FOR ALT: Bjørgulv Braanen s­lutter som ansvarlig redaktør i Klasse­kampen, men han har ingen planer om å for­svinne fra spaltene.
Fredag 8. juni 2018
I SKUFFA: Valdtektssaker med kjent gjerningsmann blir liggande, og politiet slit med å prioritera mellom saker, syner ein fersk tilsynsrapport.
Torsdag 7. juni 2018
$$$: BI-professor Petter Gottschalk kallar tidlegare Vimpelcom-sjef Jo Lunders erstatningskrav på nær ein halv milliard forkasteleg. Han synst Økokrim burde tatt saka til retten.

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk