Lørdag 18. januar 2014
PÅ NETT: Direktør for senter for IKT i Utdanningen Trond Ingebregtsen håpar lærarar ser moglegheitene i digitale verktøy.
Senter for IKT i Utdanninga med klart råd til lærarane:
Skru ikkje av nettet
FRAMTIDA: Å skru av internettet er ein småabsurd idé, meiner direktør Trond Ingebretsen i Senter for IKT i Utdanningen.

Skal internett vera på heile tida, eller bør det heller vera av og skruast på når det skal brukast?

– Internettilgang i klassen er heilt fint, men det er avheng av at læraren har ein plan om korleis ein skal bruka det.

Så læraren må styra?

– Læraren er sjefen i klasserommet. Det er læraren som bestemmer det pedagogiske opplegget. Det er læraren som skal bestemma kva ressursar som skal brukast, og det er læraren som har metodane for det. Når internett er tilgjengeleg, må lærarane velja om ein vil bruka det til noko fornuftig. Å stenga internett er på sett og vis ein litt småabsurd idé, i alle fall litt oppe i klassetrinna der nesten alle elevane har smarttelefonar, for det finst så mange omvegar.

Ifølge ein ny doktorgrad gjer elevar heilt andre ting på internett i klasseromma, enn det dei skal. Kva trur de at dette tyder på?

– Elevar har alltid vore ukonsentrert på skulen. Det blir berre litt enklare å sjå når dei sit med PC enn når dei sit og dagdrøymer. Det er feil å gi teknologien aleine skulda for at dei ikkje følger med. Samstundes så ser me også at det er mange freistingar. Det handlar om klasseleiinga, læraren må vera meir tydeleg på kva teknologien skal brukast til. I tillegg handlar det om å gi barn og unge ein basiskunnskap. Teknologien er overalt. Det er ein kompetanse å kunna konsentrera seg med freistingane eit tasttrykk unna. Det er faktisk nytt for denne generasjonen.

Det er også representantar frå denne generasjonen, som Unge Høgre i Oslo, som seier at internettilgang og PC-bruk er distraherande og den største læringstrusselen. Dei vil ikkje ha PC til alle elevar lenger.

– Då er spørsmålet: Er det arbeidslivet som skal læra dei opp til konsentrasjon og fokus?

Så ein må klara å konsentrera seg samstundes som ein har internett framføre seg?

– Ja, eller samstundes som dei digitale freistingane er i nærleiken. Men kritikarane har eit poeng. Internett skal ikkje brukast heile tida. Det meiner ikkje me heller. Det må lagast undervisningsopplegg som bruker teknologien på sitt beste. Eit godt døme er ein algebrakonkurranse som går no. 30.000 elevar har løyst tre millionar likningar på fem dagar. Det er ei kjempemobilisering der massevis av ungdommar sit og reknar likningar, og det hadde dei ikkje klart utan teknologi. Det er sikkert nokon av elevane som har vore inne på Facebook, men det er ikkje poenget: Dei løyser fleire likningar.

Så at ein er litt innom på Facebook gjer ikkje så mykje?

– Nei, men læarar og elevar må bli einige om reglar for bruk. Det som er viktig å få fram er at me må ta dette litt gradvis. Lærarane treng meir kompetanse. Det me ønsker å utfordra lærarar og skuleeigarar et tydelege rammer slik at elevane lærer å bli digitale borgarar.

Burde det ikkje vera bolkar der ein koplar av, frisonar?

– Jo, absolutt. Læraren må heile tida vurdera kva som er dei rette verktøya i undervisningstimen; er det læreboka eller eit digitalt læreverktøy.

Kunne de gitt råd til lærarane om når det ikkje var høvemålsteneleg med internett?

– Det kunne me, men det er ikkje vår rolle. Me meiner at me har belegg til å seia at teknologien blir brukt for lite i pedagogisk samanheng. Du kan gjerne seia at nokon bruker det feil og har innført for fort. Men det me veit frå undersøkingar er at fire av fem elevar i 7., 8. og 9. seier at bruk av teknologi i faga hjelper dei til å læra meir og at det gjer det meir motiverande og spennande. Samstundes seier også elevar og lærarar at teknologien av og til er forstyrrande. Me må jobba for å finna måtar å bruka teknologien på sånn at me overvinn dei forstyrrande momenta.

Har ein vore for raske med å innføra PC i alle klasserom og kopla alle på internett?

– Nei, det er litt sånn høna eller egget. Enten har du teknologien eller ikkje.

Kva meiner du?

– Viss ikkje du har PC i skolar, kan du ikkje ta i bruk teknologien. Viss du har det må du begynna å jobba med det og vera tydeleg på korleis du vil bruka det. Eg synst det vanskeleg å sjå at ein har vore for rask, men det er stader der ein ikkje har følgt opp med korleis ein pedagogisk skal bruka det. Læraren treng meir kompetanse. Eit område der det er eit stort potensial med å ta teknologien i bruk, er tilpassa opplæring. Du vil kunna få til tilpassa opplæring utan å ta elevar ut av klasserommet. Så er det vår bekymring at ein hakar av for at ein bruker data og at elevar får bruka han fritt, utan at ein har ein pedagogisk plan. Me er også einig i at me treng forsking og utvikling til å finna fram til gode metodar. Me er i startgropa. Det handlar om å ta i bruk moglegheiter som teknologien gir, som ikkje finst i den analoge verda, for å styrka faga.

Men tar ein nok på alvor at det er mange som sit og spelar, chattar og så vidare, eller er det berre slik skulen alltid har vore?

– Det er nok begge delar. Det er lærarar som får til dette heilt fint. Og så veit me også at det er ei utfordring andre stader. Det er store variasjonar.

Men det er læraren som må ta styringa?

– Det blir det enkle svaret. Men eg trur me heilt frå barnehagen må læra sjølvregulering, ein må forstå at ein må følga med på eit eventyr i barnehagen eller foredrag i skulen. Du skal ikkje sitja på VG eller vera på nett heiletida. Men du må læra barna det framfor å stenga internett.

anneh@klassekampen.no

Fakta

PC-bruk i skulen

Aftenposten presenterte denne veka ei fersk doktorgradsavhandling som har sett på PC-bruk i klasserommet. Avhandlinga viser at elevar brukar mykje tid på ikkje-fagleg aktivitet.

Doktorgradsstipendiat ved Universitetet i Oslo Marte Blikstad-Balas seier at for fleire av elevane i studien hennar er det norma heller enn unntaket at dei fyller skuletimane med aktivitet som ikkje har noko med skule å gjera.

Fleire fylkeskommunar har løysingar på plass for å hindra elevar å gå på nett i timen. Fleire lærarar og skular vil slå av internettet i timen.

Artikkelen er oppdatert: 19. januar 2014 kl. 10.35
Onsdag 17. oktober 2018
VINN-VINN: Uansett hva KrF velger, vil Frp vinne på det, mener flere i Frp. – Vi er relativt gode på å være i opposisjon, sier Per-Willy Amundsen.
Tirsdag 16. oktober 2018
UT: 260 par har blitt nektet opphold i Norge siden 2017 på grunn av regler mot tvangsekteskap. Også frivillige ekteskap rammes, innrømmer Utlendingsnemnda.
Mandag 15. oktober 2018
OPP: Fra 2016 til 2017 gikk lederlønna i 40 statseide selskaper opp med 6,5 prosent i snitt. Nå tjener lederne i snitt 2,7 millioner kroner i året.
Lørdag 13. oktober 2018
MENNESKEFISKAR: Leiarar for misjonsorganisasjonane Normisjon og Troens Bevis trur KrF vil få mest gjennomslag i eit samarbeid med Ap og Sp.
Fredag 12. oktober 2018
PÅ RANDEN: KrFs veivalg splitter KrF Kvinner. Oddbjørg Minos, som trolig overtar som kvinneleder før partiets skjebnemøte, vil ikke si hvor hun står.
Torsdag 11. oktober 2018
NIX: Kjersti Toppe mener helseminister Bent Høie (H) utviser «forakt for Stortinget» når han trosser et klart flertalls­vedtak fra Stortinget.
Onsdag 10. oktober 2018
BEKYMRET: Vi kommer neppe til å klare å begrense oppvarmingen nok til å unngå alvorlige følger av klimaendringene, mener ledende norske klimaforskere. De ber om radikal politikk.
Tirsdag 9. oktober 2018
SNAUT: Skal vi unngå en klimakatastrofe, må vi halvere verdens utslipp innen 2030, fastslår FNs klimapanel i ny rapport. Norge nøyer seg med et klimakutt på 11,5 prosent.
Mandag 8. oktober 2018
DYRT: Nye skatter og avgifter koster familier titusener, viser Senterpartiets regnestykke. I dag legger regjeringen fram nye skattekutt til de rikeste.
Lørdag 6. oktober 2018
FEIL MEDISIN: – Jeg registrerer at det ikke har vært et svar for Venstre å gå inn i regjering med Frp, sier KrF-leder Knut Arild Hareide om den historisk dårlige Venstre-målingen.

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk