Fredag 20. desember 2013
SKADESKOTEN: Denne veka heldt Senterpartiet pressekonferanse om rapporten frå partiets havarikommisjon. Den peikar på at grunnplanet i partiet er på veg utfor stupet. Foto: Håkon Mosvold Larsen, NTB Scanpix
• 1 av 2 medlemer i Senterpartiet borte sidan 2000 • 1000 færre medlemer i året
Medlemsras i Senterpartiet
Undersak:

Småbrukarane venta meir av Sp

Senterpartirapporten slår fast at partiet har fått stort gjennomslag. Olaf Godli, generalsekretær i Småbrukarlaget, er ikkje av same oppfatning.

– Småbrukarlaget har brote jordbruksforhandlingane med staten fire av dei åtte siste åra, i 2006, 2010, 2011 og 2012. Vi er klar over at det var andre parti som var tyngre enn Senterpartiet i regjeringa, men det er vanskeleg å fastslå at partiet fekk så kjempemessig gjennomslag, slår Godli fast.

Han peikar på at inntektsgapet mellom bonden og industriarbeidaren ikkje har minska, trass i mange gode ord frå regjeringa.

– Ordlyden i Soria Mora I og II, samt landbruksmeldinga som kom for to år sidan, gjorde at vi hadde endå høgare forventingar, forklarer generalsekretæren.

Han meiner likevel ikkje at biletet er heilsvart:

– No oppfattar Arbeidarpartiet landbruket som ei viktig næring. Det blei òg slått fast viktige prinsipp i landbruksmeldinga som Sp skal få kreditt for. Ostetollen og prosenttollen på drikkemjølk er andre sigrar i perioden, og det kom eit trendskifte i jordbruksoppgjera frå 2006 og framover samanlikna med då Lars Sponheim var landbruksminister, seier Godli.

– Men når Lars Peder Brekk uttalte om landbruksoppgjeret i 2012 at det var eit «historisk godt oppgjer», er vi nok ikkje einige i karakteristikken.

FRITT FALL: Ved tusenårsskiftet hadde Senterpartiet nesten 30.000 medlemer. I dag er talet 15.000, i følgje rapporten frå partiets havarikommisjon. Senterpartiet er i særklasse det partiet som mistar flest medlemer.

SENTER- PARTIET

Rapporten frå evalueringsutvalet i Senterpartiet viser eit parti som er i krise, både politisk og organisatorisk. Striden mellom Liv Signe Navarsete og Ola Borten Moe, uklar bodskap i valkampen, fleire skandalar dei siste åra, og altså:

Ein partiorganisasjon som er i ferd med å forvitre mellom fingrane på Liv Signe Navarsete.

Tradisjonelt har ein av dei store styrkane til Senterpartiet vore den organisatoriske slagkrafta. Og framleis har partiet ei grasrot det er verdt å snakke om: Berre Arbeidarpartiet stilte liste i fleire kommunar enn Sp ved lokalvalet i 2011.

«Ordførarpartiet» har i dag 93 ordførarar og 73 varaordførarar. Utvalet meiner likevel at pila peikar feil veg: «I mange kommuner skraper nok Senterpartiets lokallag nå nedpå et kritisk nivå for å ha nok aktive medlemmer til å drive en skikkelig valgkamp i lokalmiljøene.»

Fakta

Rapporten i Sp:

• Denne veka la evalueringsutvalet i Senterpartiet fram rapporten om årets valkamp.

• Prosentvis er valresultatet det svakaste i partiets historie.

• I reine røyster er årets resultat (155.357) likevel betre enn 2001-valet (140.287 røyster), og på nivå med 2005 og 2009.

• Utvalet peikar på ei lang rekkje kritiske punkt for organisasjonen, og partileiinga må tåle tøff kritikk.

• Rapporten viser òg at medlemstalet i Sp er i kraftig tilbakegang.


Rydda i registeret

Oddvar Igland er assisterande generalsekretær i Senterpartiet. Han har ingen forklaring på kvifor Senterpartiet går meir ned enn andre parti.

– Dei fleste parti har gått ned i medlemstal i nyare tid. Folk vil heller vere medlemer i éisaksorganisasjonar, meiner Igland. Han meiner òg at noko av den store nedgangen skuldast systemet for medlemsregistrering.

– I 2009 gjekk vi over til sentral innkrevjing av medlemskontingenten. Då gjorde vi ei opprydding i registeret. Vi var det siste partiet som gjekk over til å gjere innkrevjinga sentralt, noko som kanskje har ført til at andre fekk denne nedgangen tidlegare enn oss, seier Oddvar Igland.


Fekk varselsignal i 2005

I rapporten skriv utvalet at «Tidligere evalueringsutvalg har etter de to forrige stortingsvalgene gitt en rekke råd om forhold knyttet til partiorganisasjonen. At årets evalueringsutvalg nok en gang gjentar mange av de samme rådene, tyder på at tidligere evalueringsrapporter ikke er tatt tilstrekkelig på alvor av partiets organer».

Det vil seie at Senterpartiet allereie i 2005 fekk klar melding om å ta fatt i den negative medlemsutviklinga.

– Kva vil de gjere med funna i denne rapporten?

– Vi går inn i alle sider ved rapporten og vurderer kva vi vil gjere. Dette vil vere eit viktig dokument for å finne ut kva som må til, både politisk og organisatorisk, seier Igland.

Han fortel at vervinga går relativt bra i sterke senterpartifylke som Oppland og Nord-Trøndelag, men at det må ein systematikk til for å byggje organisasjonen.

– Kva er målsetjinga for 2014?

– I budsjettet har vi sagt at vi skal opp på 18.000 medlemer neste år, seier Oddvar Igland.

politikk@klassekampen.no


Tirsdag 9. februar 2016
I TET: Politikerne vil kutte både formuesskatt og selskapsskatt, til tross for at bare tre land i Europa har lavere samlet skattetrykk for mellomstore selskaper.
Mandag 8. februar 2016
OVERGREP: Kripos er bekymret over at mindreårige asylsøkere har blitt ofre for overgrep på norske asylmottak. Gjerningsmennene er både beboere på mottak og gamle kjenninger av politiet.
Lørdag 6. februar 2016
BLÅTT: Regjeringspartiene Høyre og Frp kan notere seg den beste Klassekampen-målingen på to år. Arbeiderpartiet har ikke gjort det dårligere siden høsten 2013.
Fredag 5. februar 2016
SLETTET: Biskop Bernt Eidsvig ba ansatte makulere papireksemplarer av et referat fra et møte der han diskuterte den omstridte medlems­registreringssaken.
Fredag 5. februar 2016
Klår Tale: Storbritannia og Sverige må sikra Julian Assange sin fridom og oppreisning, fastslår ein FN-uttale som Klassekampen har fått tilgang på.
Torsdag 4. februar 2016
NEDERLAG: Regjeringen ville sende over 5000 asylsøkere tilbake til Russland. Nå får de bare returnert noen få hundre – og de må ta tilbake én jemenitt som ble sendt ut i midten av januar.
Onsdag 3. februar 2016
PÅ RØMMEN: 2203 personer rømte fra norske asylmottak i fjor. Tidligere polititopp Hanne Kristin Rohde frykter de får gå i fred – fordi politiet prioriterer å tvangsreturnere barnefamilier.
Tirsdag 2. februar 2016
FULL STANS: Etter at Norge innførte sanksjoner mot Russland, har norsk fiskeeksport til landet praktisk talt stoppet opp. – Det burde vært håndtert anner­ledes, sier fiskeoppdretter.
Mandag 1. februar 2016
STOPP: Nesten 60.000 EØS- og EU-borgere jobber i Norge uten å betale til norsk folketrygd og arbeidsgiveravgift, viser nye tall fra Nav. Dette kan utkonkurrere norsk arbeidskraft.
Lørdag 30. januar 2016
UTFORDRING: Ingen av jobbene som skal erstatte nedbemanningene i oljen, vil være i nærheten av like lønnsomme for AS Norge. – Umulig å erstatte oljen, sier Schjøtt-Pedersen.
­

TV-guiden er levert av TimeFor.TV

TV-guide

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk