Ifølgje Hannah Arendt representerte Tyskland under Hitler-regimet ein orden der ei kvar høgverdig moralsk handling var illegal og ei kvar legal handling var eit brotsverk. Men det var altså ein orden. Det var på ingen måte fritt fram. Det fanst plikter! Ifølgje Arendt hadde Adolf Eichmann tatt dette grundig inn over seg. At så var tilfellet, kom tydeleg til uttrykk hausten 1944. Heinrich Himmler, Eichmanns store overordna, gav då ordren om å stogge det industrielle massemordet av jødar og å demontere dødsfabrikkane. (Himmler la opp til hemmelege forhandlingar med vestmaktene.) Eichmann blei forferda. Mot normalt manna han seg opp. Han saboterte Himmlers ordre! Han gjorde sitt til at det industrielle massemordet heldt fram. Det måtte då vere orden i sakene! Arendt finn dette typisk for karakteren Eichmann.
Sjølvsagt tenkte Adolf Eichmann ein heil del. Kvifor insistera Hannah Arendt så hardt på det motsette?