Print URL: http://www.klassekampen.no/article/20180903/ARTICLE/180909994

Filmforbundet grunngjev tv-streik med at dei i årevis har kravd å få på plass eit lønnssystem for TV-drama:

– Vi er bedne om å streika

Av Guri Kulås

Publiseringsdato: Mandag 3. september 2018

Seksjon: Kultur og medier

SENDE I GARDEROBEN: Tv-dramastreiken har alt ført til stopp i produksjonen av sesong to av «Heimebane», her representert ved hovud­rollene Ane Dahl Torp og John Carew. Det er selskapet Motlys som produserer serien for NRK. FOTO: TORE MEEK, NTB SCANPIX

Ulike påstandar om lønsvilkåra i bransjen førte til forhandlingsbrot mellom Filmforbundet og Virke Produsentforeningen og streik i TV-drama.

Streik

– Vi stod så langt frå kvarandre på hovudkravet og har så ulik forståing av røynda at det måtte enda i streik, seier forbundsadvokat og forhandlingsleiar i Filmforbundet Bjørn Alexander Brem til Klassekampen:

– Våre medlemmar ville i ei urrøysting aldri ha godteke det tilbodet som låg på bordet.

Heile 13 timar på overtid hos Riksmeklaren vart det laurdag ettermiddag klart at TV-drama er på god veg inn i ein streik som alt har fått konsekvensar for populære tv-seriar som «Heimebane». Sesong to blir laga av produksjonsselskapet Motlys for NRK. Om lag alle Filmforbundet sine medlemmar på produksjonen er varsla tatt ut i streik. Desse utgjer storparten av dei så lagt 54 streikande TV-drama-arbeidarane, men ein opptrappingsplan er også klar. Så mange som 150 TV-drama-arbeidarar kan bli tatt ut i streik om partane ikkje får oppretta ny dialog i løpet av dei komande vekene.

FAKTA

Streik i TV-drama:

• Laurdag 1. september enda meklinga mellom Filmforbundet og Virke Produsentforeningen i brot. Alt no er rundt 35 medlemmar i Filmforbundet i streik og i alt 150 kan bli tatt ut dei komande vekene. Produksjonen av «Heimebane» er stoppa.

• Strid om løn fekk forhandlingane om ein overeinskomst for TV-drama til å stranda.

• Per i dag finst det ikkje ein kollektiv avtale for TV-drama.

Krev lønssystem

Det er kravet om å få på plass eit lønssystem, lik den tariffavtalen som alt finst på spelefilmfeltet, som er hovudstridsspørsmålet i TV-drama­forhandlingane.

– Sjølve forhandlingane er fråteke publikum, men dette kravet frå Filmforbundet si side har vore kjent sidan 2014, seier Brem.

Både arbeidsgjevarar, tilsette og publikum har dei seinare åra kunne nyta godt av «dramaboomen» i tv. For dei som arbeider på produksjonane, inneber likevel ein serie med åtte episodars sesongar ei intens arbeidsbør, som er minst like stor om ikkje større enn på spelefilm, argumenterer Filmforbundet.

– Dette er eit spørsmål om lik løn for likt arbeid. Virke har likevel nekta å godta ein avtale som legg til grunn lønssatsane i spelefilmovereinskomsten. Det hjelpte ikkje at Filmforbundet gjekk inn med eit lønskrav som låg i underkant av vilkåra i filmavtalen.

Etter å ha reist krav om ein tv-dramatariff i så mange år, meiner Filmforbundet at tolegrensa var nådd, og at arbeidsgjevarsida gjennom si avvising nærast «oppmoda om streik».

Usemje om reelt lønsnivå

Virke Produsentforeningen argumenterer for at lønsnivået i TV-drama i utgangspunktet er lågare enn i filmbransjen, og at dette må liggja til grunn for ein eventuell tariffavtale.

– Vi har ein gammal forhandlingsprotokoll som seier at begge partar skal innhenta dokumentasjon på lønsnivået. Vi har slik dokumentasjon på at Virkes tal ikkje stemmer, gjennom kopiar av kontraktane som våre medlemmar har signert, seier Brem.

Lønsfastsetting i TV-drama skjer i dag gjennom individuelle forhandlingar med arbeidsgjevar.

Filmforbundet tilrår sine medlemmar å krevja dei same vilkåra som alt finst i spelefilmtariffen.

– Vår kontraktsdatabase fortel at medlemmane oppnår desse vilkåra, men ikkje alle tilsette på ein dramaproduksjon er fagorganiserte, og vi mistenkjer at det er desse som får dårlegare vilkår, og at dei dreg snittløna ned.

Brem viser til at filmrapporten Kulturdepartementet tinga frå analyseselskapet Ideas2evidence i 2014 dokumenterte eit lønsgap mellom organiserte og uorganiserte i bransjen.

Virke Produsent­foreningen møtast i dag for å drøfta streiken vidare, og viser til pressemeldinga frå laurdag. Der uttalar forhandlingsleiar Trond Teisberg: «Det var umulig for Virke å innfri kravet om etablering av et minstelønnssystem med lønnssatser høyere enn det som er dagens reelle lønnsnivå. Dette ville ført til en uakseptabelt høy kostnadsvekst som følge av årets lønnsoppgjør. I tillegg vil det ramme særlig de små og uavhengige produksjonsselskapene hardt.»

TV-underhaldning i mål

Forhandlingane for TV-underhaldning, som vart førte parallelt med dramaforhandlingane mellom same partar, kom i mål på overtid laurdag morgon. Desse forhandlingane omfatta blant anna live-produksjonar som NRKs «Stjernekamp».

– Vi er svært nøgde med at vi her fekk til ein forbetra avtale, der alle stillingstitlar no er omfatta av overeinskomsten. Alle har også fått eit løns­lyft på 2,8 prosent, men i tillegg har vi fått løfta koordinatorane på produksjonane opp ekstra, slik at resultatet totalt sett vart betre enn for frontfaget, seier Filmforbundets Bjørn Alexander Brem.

guri.kulaas@klassekampen.no