Print URL: http://www.klassekampen.no/article/20180829/ARTICLE/180829958

Ap avviser at dei er på regjeringsjakt, men fredar ikkje Solberg-regjeringa førebels:

Legg ansvaret på Erna

Av Jens Kihl og Kjetil Magne Sørenes

Publiseringsdato: Onsdag 29. august 2018

Seksjon: Politikk

TRENG NYE SVAR: Ap-leiar Jonas Gahr Støre er langt frå ferdig med terrorsikringssaka. Her går han på Karl Johan med rådgiver Astrid Huitfeldt. FOTO: CHRISTOPHER OLSSØN

MOT STJERNA: Jonas Gahr Støre meiner Riksrevisjonen har avdekt mangelfull leiarskap frå Erna Solberg. Han held statsministeren sjølv ansvarleg for ­terrorsikring-skandalen.

TERROR- SIKRING

Ein stri haust ventar Erna Solberg. Måndagens høyring fører no til nye rundar der kontrollkomiteen vil ha fleire svar.

Ap-leiar Jonas Gahr Støre meiner saka langt frå er over.

– Måndagen avslutta ikkje denne saka. Det er fleire forhold som må borast meir i. Det handlar om når dei blei klare over kompleksiteten i det dei no prøver å forklare, og om kommunikasjonen til Stortinget om dette, seier Støre til Klassekampen.

– Når du vurderer Aps respons: Vil du halde regjeringa ansvarleg, eller er det aktuelt å gå på enkeltstatsrådar?

– Vi har ikkje konkludert, men denne saka handlar i større grad om regjeringa og statsministerens leiing. Både fordi ein må vente at regjeringas tryggleiksutval må vere forventa å ha teke ansvar, og dette utvalet er det Solberg som leier, og fordi det er andregongs høyring på eit tema der statsministeren forsikra om at ho skulle leie på ein god måte, forklarer Støre.

FAKTA

Objektsikring:

• Regjeringas arbeid med terrorsikring blir slakta av Riksrevisjonen i ein fersk rapport. Funna blir omtalt som «svært alvorlege».

• Dette er Riksrevisjonens skarpaste form for kritikk og blir berre brukt unntaksvis, til dømes ved risiko for liv eller helse.

• Stortinget heldt ei høyring om saka måndag 27. august.

• I høyringa innrømde statsminister Erna Solberg (H) at Stortinget burde vore betre informert om tilstanden og at ho sjølv hadde vore «upresis» overfor Stortinget i ei tidlegare høyring om same tema.

• Stortinget skal halde ei ny, lukka høyring om temaet seinare i haust.

Usikker på forklaring

Støre er framleis usikker på om Stortinget har fått informasjonen det burde ha fått:

– I høyringa sa Solberg og fleire statsrådar at Stortinget har fått all informasjon, men den har kome stykkevis og delt. Er du sikker på at det stemmer?

– Nei, eg er ikkje sikker på at det stemmer. Det vil ikkje seie det motsette heller, men eg synst ikkje det er sikkert nok til at vi kan seie at saka er avgjort. Eg la merke til det Martin Kolberg til Vårt Land i førre veke: Han angrar på at han stolte på forsikringane i førre høyring etter å ha sett Riksrevisjonens rapport no. Den situasjonen kan vi ikkje kome i på nytt.

Kolberg frå Ap var leiar av kontroll- og konstitusjons­komiteen i førre periode.

– Reddar Solberg seg inn ved å seie at ho var upresis?

– Det var heilt openbert naudsynt. Erna Solberg er ein erfaren parlamentarikar og visste at ho måtte seie det. Så får vi sjå om det er dekkjande det som er biletet.

Reagerer på «mjuke mål»

Støre seier at han reagerte då Solberg under høyringa sa at terrorbiletet har endra seg.

– Ho sa at det kan vere mjuke mål som konsertar og restaurantar som blir utsett. Men 22. juli var eit mjukt mål. Ja, målet var regjeringskvartalet, men målet var også ungdom på ein festival – eit mjukt mål. Og i tillegg: Om statsministeren får ny informasjon som endrar trusselbiletet og dei planane som er lagt, så må ho kome til Stortinget. Eg er sikker på at Stortinget ville vore lydhøyrt om statsministeren kom til Stortinget og sa at ein måtte endre planane.

– Ikkje på regjeringsjakt

Ap vil ikkje diskutere mistillit på dagens gruppemøte på Stortinget.

– Vi er ikkje på regjeringsjakt. Vi skal gjere vår jobb som opposisjon skikkeleg og stille dei naudsynte spørsmåla. Så skal vi samvitsfullt oppsummere det vi har høyrt. Og vi har ikkje høyrt nok no til å konkludere.

– I 2013 var beredskap ein sentral del av Erna Solbergs valkamp. Korleis oppsummerer du det no?

– Ho hadde ein høg profil på det området. Mykje av det ho lova, har ho gått bort frå, som å ha eit eige beredskapselement ved Statsministerens kontor, seier Støre og legg til:

– Før ho blei statsminister hadde ho klare syn på korleis dette skulle bli løyst. Det var uklart i nokre år. Det som er avdekt no, er klare manglar som ikkje nådde til toppen, i form av eit gult eller raudt ljos. Dei såg seg altså blinde på eit mogleg grønt ljos, som det no er klart ikkje var grønt. Det forsterkar biletet av at det ikkje blei sterkare leiing på dette feltet.

– Vil det vere urimeleg om Solberg-regjeringa må gå som følgje av denne rapporten frå Riksrevisjonen, når Stoltenberg 2-regjeringa ikkje gjekk som følgje av Gjørv-kommisjonens rapport?

– Eg meiner det er to heilt ulike tema. Den konklusjonen kom Stortinget til i 2012. Det var svikt og manglar på mange område, og mange hadde ansvar. Regjeringa Stoltenberg valde å vere brutalt opne om manglane for å gjere det aller viktigaste, altså utbetre dei og rette opp det som hadde svikta. Det at det ikkje enda med eit mistillitsframlegg mot regjeringa, kan jo ikkje gje ei blankofullmakt på at regjeringa har tillit på alt ho gjer på beredskap til evig tid. Ho må bli vurdert på kvar enkelt sak, svarer Støre, som legg til at han er kritisk til regjeringas haldning til openheit.

politikk@klassekampen.no