Print URL: http://www.klassekampen.no/article/20180813/ARTICLE/180819989

Russland om å ikkje verte invitert til Finnmark-feiring:

–Vekkjer harme

Av Nora Rydne

Publiseringsdato: Mandag 13. august 2018

Seksjon: Innenriks

UPOPULÆR: Den russiske ambassaden i Noreg er fornærma av forsvarsminister Frank Bakke-Jensen grunngjeving for å ikkje invitere president Vladimir Putin på fest. FOTO: TOM HENNING BRATLIE

SINNA: Den russiske ambassaden er djupt misnøgd med forsvarsministerens grunn for at Vladimir Putin ikkje er invitert til Finnmark i 2019.

Russland

Når det vert markert at det er 75 år sidan den sovjetiske frigjeringa av Aust-Finnmark i Kirkenes i oktober neste år, vert ikkje russiske politikarar invitert.

Forsvarsminister Frank Bakke-Jensen (H) har tidlegare uttalt i Klassekampen at det er uaktuelt å invitere president Vladimir Putin viss han ikkje «gjer seg fortent» til det, ved å syne at han tar folkeretten på alvor.

Det reagerer den russiske ambassaden i Noreg sterkt på.

FAKTA

Frigjering i Finnmark:

• 25. oktober 2019 er det 75 år sidan den sovjetiske frigjeringa av Aust-Finnmark.

• Fleire politikarar, mellom anna ordførar i Sør-Varanger Rune Rafaelsen (Ap), har ønskt at Noreg skal invitere president Vladimir Putin.

• Forsvarsminister Frank Bakke-Jensen seier at det ikkje er aktuelt å invitere Putin før han tek folkeretten på alvor. Bakgrunnen er Russlands annektering av Krim og støtte til separatistar i Sør-Ukraina.

Fører til forverring

Ambassaden meiner statsråden ikkje representerer oppfatninga til dei fleste vanlege nordmenn, som dei meiner framleis er takksame for Sovjetunionens innsats i å frigjere Aust-Finnmark i 1944. 2122 sovjetiske soldatar mista livet i frigjeringa.

«Uttalelsene viser nok en gang at den norske side ikke er klar til å revitalisere de bilaterale forhold og gir til og med rom for en videre forverring, hvis man bedømmer etter overlegen tone i ordbruk som ministeren tillot seg», skriv presseattaché Olga Kiriak ved den russiske ambassaden i ein e-post til Klassekampen.

Vidare skriv ho at utsegnene «vekker harme» og at Russland «neppe ville latt seg uttale på en slik respektløs måte om representanter for den politiske ledelse i nabolandet, samme hva man måtte mene om dem».

Har det i kjeften

Forskar og Russland-ekspert Jakub Godzimirski ved Norsk utanrikspolitisk institutt (Nupi) er ikkje overraska over den sterke reaksjonen frå Russlands ambassade, men trur ikkje ein skal leggje for mykje i krasse ord frå dei.

– Ambassaden må følgje den offisielle russiske lina. Russland meiner dei ikkje har brote med folkeretten i til dømes annekteringa av Krim, sjølv om dei fleste andre land meiner det og har sette i gang sanksjonar, seier Godzimirski.

– Forsvarsministeren må halde seg til det offisielle norske standpunktet, som er at Russland har brote folkeretten ved fleire høve. Å invitere Putin hadde vore uproblematisk, hadde det ikkje vore for desse forskjellige tolkingane, seier han.

Godzimirski meiner det nok vil bli ein del støy og propaganda frå Russland som følgje av avgjersla om å ikkje invitere russiske politikarar til Finnmark, men at det elles vil vere få konsekvensar.

– Det er mykje «talk» og lite «walk», for å seie det slik. Samarbeidet mellom Noreg og Russland er allereie på eit ganske lågt nivå, og det er lite som tilseier at det vil verte forverra av denne hendinga. Dei samarbeidsrammene som eksisterer i dag, vil nok bestå, seier Godzimirski.

Han syner til at mykje samarbeid mellom Noreg og Russland ligg på regionalt nivå og har lite med sentrale russiske politikarar å gjere.

– Krasse uttrykk for misnøye er standardpraksis for ambassaden, i alle fall sidan den nye ambassadøren kom på plass for tre år sidan. I realiteten er det lite anna dei kan gjere enn å kome med krasse ord, seier Godzimirski.

Kan invitere familiar

Forskaren trur det er mange måtar å syne at Noreg set pris på dei som gav liva sine for å frigjere Finnmark. Russiske topp-politikarar treng ikkje å verte invitert til markeringa for å syne at landet set pris på sovjetiske soldatars innsats i frigjeringa av Aust-Finnmark, meiner Godzimirski.

– Det er viktig å behalde eit godt forhold til naboane, men det kan verte gjort på andre måtar. Eg ville heller vurdert å invitere familiar til falne soldatar som deltok i frigjeringa. Då kan ein syne takksemd for bidraget deira og samstundes ta avstand frå den russiske staten, seier han.

norar@klassekampen.no