Print URL: http://www.klassekampen.no/article/20180811/ARTICLE/180819992

• KrF og Venstre er over sperregrensa i dagens måling • Hadde gjeve maktskifte

Ap-siger og nytt fleirtal

Av Jens Kihl

Publiseringsdato: Lørdag 11. august 2018

Seksjon: Politikk

KLAR FOR HAUSTEN: Jonas Gahr Støre har blitt dømt nord og ned denne våren, men hausten fyrste målingar kant tyde på eit trendskifte i politikken. FOTO: Tom Henning Bratlie

AP STØRST: Jonas Gahr Støre (Ap) trur sharia-bråket rundt Per Sandberg er ein hovudgrunn til at Frp går tilbake på dagens måling.

MÅLING

27,8 prosent er til vanleg ikkje noko jubeltal for Arbeidarpartiet. Men så er det heller ikkje vanlege tider i norsk politikk, og dermed er Aps beste oppslutning på eitt år svært positivt når partileiar Jonas Gahr Støre no tek fatt på hausten.

– Aldri har vel eit parti hatt så godt av å ha sommarferie?

– Dette var ein effekt av sommarferien eg hadde ønskt meg, nemleg at støyen frå førre halvår kunne leggje seg og vi fekk merksemda tilbake til politikken. Eg trur det er dét som no skjer, seier Støre til Klassekampen.

Han meiner den politiske våren var betre enn sitt rykte for Ap:

– Vi fekk mange gode politiske resultat siste halvår i Stortinget. Regjeringa er i mindretal, og vi får gjennomført viktige vedtak på arbeidsliv, helse, velferd, eldreomsorg. Det gjev resultat over tid.

På denne målinga er endringane til både SV, Ap, Sp, Venstre, Frp, MDG – og gruppa «andre» – over feilmarginen.

Bakgrunnstala kan tyde på at Ap hentar nokre veljarar tilbake frå partia til venstre for seg, i tillegg til sofaen. Ap, SV og Sp får 83 mandat i målinga – to færre enn det som trengst for å skaffe fleirtal i Stortinget. Men med Raudts to plassar ville dagens måling gjeve maktskifte i Noreg.

FAKTA

Ny måling:

• Norfakta har på oppdrag frå Klassekampen og Nationen utført ei meiningsmåling med spørsmålet «hvilket politisk parti ville du stemt på dersom det var stortingsvalg i dag».

• Målinga er utført 7. og 8. august, og 1003 personar er intervjua. 17 prosent svarte at dei ikkje visste, og 6 prosent svarte at dei ikkje ville svare eller ikkje ville røyste.

• Feilmarginen for dei ulike partia varierer mellom 0,4 og 2,6 prosent, størst for dei største partia.

Skrell for Frp

På fleire målingar den siste tida har Frp og Senterpartiet vore om lag jamstore – så også her. Støre trur Sandberg-bråket er ein grunn.

– Eg trur det har ein klar medverknad. Det er heilt openbart eit uttrykk for dårleg skjønn, manglande styring og at regjeringa ikkje leverer på eit område som er viktig for folk, nemleg tryggleik og beredskap.

Der våren handla om oppfølginga av seksuell trakassering i Ap, er det no Frp som er i hardt vêr.

– I tillegg har vi saka om terrorberedskap frå før sommaren som kjem opp til hausten. Saka viser at regjeringa ikkje har følgt opp Stortingets vedtak og at dei heller ikkje har teke signalet frå juni i fjor, då eit samla storting sende kraftige signal om at det måtte klare forbetringar til, seier Støre.

– Kva er det mest alvorlege i Sandberg-saka, slik du ser det no?

– Fleire spørsmål ventar svar, men biletet vi får er av ein privatpraktiserande statsråd som gjer ting som får stor symbolkraft i utanrikspolitikken. Det å delta på feiring av revolusjonsdagen blir lagt merke til i Iran. Då blir spørsmålet: Er dette ein del av regjeringas Iran-strategi? Har utanriksministeren planlagt å dra? Vil vi vere representert neste gong? Eller er det Per Sandberg som uavhengig av alt og alle er på tur?

Lite imponert over Aanes

Denne veka gjekk Erna Solbergs tidlegare spinndoktor Sigbjørn Aanes ut med ein kronikk der han meinte Støre vil prøve å skape kaos i politikken for å overta som statsminister. Ap-leiaren sjølv er ikkje veldig imponert over analysen.

– Eg kjenner ikkje råda Aanes gav då han var ved Statsministerens kontor, men det anar meg at det er eit fall i kvalitet på vegen over til First House. Aanes går seg vill i spørsmål om spel, og nemner ikkje med eitt ord dei veldig alvorlege sakene vi har til handsaming i Stortinget: Ei regjering som ikkje gjer det ho skal når det gjeld beredskap, ein statsminister som ikkje har kontroll på sine statsrådar. Han får skrive timar og levere sine analysar, men dette var ikkje verdt mange pengane, seier Støre.

politikk@klassekampen.no

UNDERSAK

Frp utelukkar ikkje sharia-bråk

Stortingsrepresentant Sivert Bjørnstad svarer på vegner av Framstegspartiet. Partiet ønskte å gjennomføre intervjuet på e-post.

– Kva tenkjer Frp om å liggje på 12,9 prosent?

«12,9 prosent er ikke godt nok for Fremskrittspartiet, og vi har høyere ambisjoner enn dette. Selv om målingene stort sett går opp og ned, så ser vi dette som et signal fra velgerne om at vi må bli flinkere på å få frem den gode politikken som vi faktisk får gjennomslag for i regjering.»

– Ser de nedgangen i samband med bråket rundt Per Sandberg?

«Det er vanskelig å peke på enkeltsaker som bakgrunn for ulike målinger, men jeg kan selvfølgelig ikke utelukke at det spiller inn på resultatet», skriv Bjørnstad på e-post til Klassekampen.