Print URL: http://www.klassekampen.no/article/20180804/ARTICLE/180809988

Aksjehandelsselskap spår nytt oljeeventyr for Equinor fram til 2020:

Olja er den nye olja

Av Nora Rydne

Publiseringsdato: Lørdag 4. august 2018

Seksjon: Økonomi

TAR AV: Det er god grunn til å gni seg i henda for konsernsjef Eldar Sætre i Equinor, her på veg til opninga av ei ny vindmøllepark i 2017. FOTO: OLE JØRGEN BRATLAN, EQUINOR

REKORD: Kostnadskutt og auke i oljeprisen kan gje Equinor høve til å tene meir mellom 2018 og 2020 enn dei har gjort dei siste 17 åra til saman.

Olje

– Equinor har brukt fleire år på å innstilla seg på ein oljepris på 50 dollar per fat. Når prisane no stig til 70 dollar per fat, ligg dei svært bra an dei neste åra, seier analytikar Tom Erik Kristiansen i aksjehandelselskapet Pareto.

Sidan 2014 har Equinor gått gjennom ein omfattande effektiviseringsprosess, og kutta kostnadar drastisk. Ifølgje ein ny rapport frå Pareto vil det låge kostnadsnivået Equinor no har lagt seg på, kombinert med høge oljeprisar, føre til ein «all time high» i lønsemda til selskapet. Rapporten vart fyrst omtala i ein kommentar i avisa Dagens Næringsliv.

– Dei neste åra vil vere heilt unike i Equinors historie viss oljeprisen held seg på dagens nivå. I perioden 2018–20 kan dei tene meir pengar enn dei har gjort på dei 17 åra dei har vore på børs samanlagt. Det seier litt om kor mykje kapital dei vil generere, seier Kristiansen.

Det han no kallar «ekstremlønsemd» i Equinor, trur Pareto-analytikaren vil leggje godt til rette for selskapets planar om å investere i fornybar energi.

– Viss ein verkeleg nokon gong skal flytte Equinor over i ein fornybar retning, er dette tidspunktet – dei genererer så mykje kapital at dei no vil ha middel til å investere også i andre ting enn olje og gass, seier Kristiansen.

FAKTA

Equinor:

• Norsk olje- og gasselskap oppretta i 1972, den gang som Den norske stats oljeselskap.

• Er den største operatøren på norsk kontinentalsokkel.

• Tidlegare kjend som Statoil. Bytta namn i mai 2018.

• Bytta namn mellom anna for å betre reflektere satsing på andre energifelt enn olje og gass.

• Mellom 9 og 11 prosent av Equinors investeringar er i fornybar energi i dag.

Håpar på tilsettingar

Dei gode tidene vert merkbare også for dei tilsette i Equinor. Etter år med nedbemanning er stemninga på veg opp, ifølgje Per Martin Labråten, tillitsvald i fagforeininga Industri Energi i Equinor.

– Vi har blitt 5000 færre tilsette, og det merkast. No kan det verte naudsynt å tilsette fleire igjen, seier han.

Det har ikkje vert lova fleire tilsette frå leiinga, og Labråten trur det er ein kamp fagforeininga må kjempe, sjølv om det går bra i selskapet. Eit auke i talet innleigde arbeidarar står også på kamplista til Industri Energi Equinor.

– Vi likar svært dårleg at utviklinga har gått i retning meir innleigd arbeidskraft. Vi ønskjer fleire fast tilsette. Mindre gjennomstrøyming og folk som er godt kjend med jobbane sine vil vere viktig for tryggleik på arbeidsplassen også, seier Labråten.

Investerer 100 milliardar

Omstillingsarbeidet i Equinor har ført til at selskapet sparar inn 4,5 milliardar dollar i dag, samanlikna med drifta i 2013.

– Vi har forbetra prosjekta som ligg framfor oss radikalt. I 2013 rekna vi med å trenge ein oljepris på 70 dollar per fat for at prosjekta vi då jobba med skulle vere lønsame. For tilsvarande portefølje må vi i dag berre ha ein pris på 21 dollar per fat for å vere lønsame, seier Bård Glad Pedersen, informasjonsdirektør i Equinor. om prosjekta som vil starte produksjon i utgangen av 2022.

Den forventa auka i lønsemd vil likevel ikkje føre til ein oppjustering av investeringar i fornybar energi.

– At vi lykkast innanfor olje og gass er det som er med å skape høve for å investere i fornybar energi, men dei konkrete måla har lege fast i vår strategi i eit par år. Vi reknar med å investere 100 milliardar kroner i fornybar energi fram mot 2030, seier Pedersen.

Investeringane vil då utgjere mellom 15 og 20 prosent av den totale investeringa til selskapet. I dag ligg de på om lag 5 prosent, ifølgje informasjonsdirektøren.

– Vi meiner det er bra for selskapet å investere i sektorar som ikkje er avhengige av oljeprisen, som vi veit vil svinge, seier han.

Tilset ikkje

Sjølv om aktiviteten aukar, trur ikkje Pedersen det vil føre til ei nemneverdig auke i tilsette.

– Vi treng å rekruttere ny kompetanse til nye område som digitalisering, men totalbemanninga vil vere på det same nivået som i dag, seier han.

Pedersen vedgår at talet innleigde har auka det siste året, men at dette ikkje skal verte ein trend.

– Vi er inne i ein aktivitetstopp med mange prosjekt under utbygging, og vi har i dag i underkant av 1000 innleigde. Vi er likevel på et langt lågare nivå enn tidlegare: vi har circa ein tredjedel av talet innleigde i 2013/14, seier han.

Har etterslep

Hovudinnsparinga til Equinor kjem frå betre løysingar på prosjekt, slik at utbygging, plattformer og brønnløysingar har verte mindre kostnadskrevjande. Utbetringane har verte gjort i samarbeid med leverandørane av utstyr til oljeselskapa.

– Det har blitt meir standardisering og forenkling på leverandørsida, og det vert billigare både for oss og oljeselskapa i det lange løp, seier Ståle Kyllingstad, konsernsjef i IKM-gruppa.

Han stadfestar at leverandørane i bransjen heng etter i auka i lønsemd, men trur ikkje høgare kostnadar for leverandørane vil skade inn­teninga til oljeselskapa. Både leverandørsida og oljeselskapa har kutta kraftig i utgifter, forklarar han.

– Vi har fireårskontraktar som gjer at vi ikkje umiddelbart tener på auke i oljeprisane, så prisane våre er for låge no. Det vil normalisere seg dei neste åra, men på langt nær stige til nivået dei var på for fem år sidan, seier Kyllingstad.

norar@klassekampen.no