Print URL: http://www.klassekampen.no/article/20180712/ARTICLE/180719990

Uår

Av ALF SKJESETH

Publiseringsdato: Torsdag 12. juli 2018

Seksjon: Lederen

• Medan feriefolk flest nyt den varmaste sommaren i manns minne over store delar av landet, opplever bøndene i Midt-Norge og i aust og sør den verste tørkesommaren sidan 1947. Det betyr at dei færraste i næringa har opplevd noko liknande. Tørka er så katastrofal at det er uråd å setje seg inn i for dei som fyller badestrender og uterestaurantar, og bøndene lir under meir enn avlings- og inntektssvikt. Maktesløysa ved å gå veke etter veke og sjå korleis arbeidet og naturgrunnlaget blir mindre og mindre verdt, er ei kolossal mental påkjenning. Fortvilinga er størst for dei som alt no ser korleis dei vil mangle fôr til husdyra og som må melde inn dyr til slakt fleire år før tida.

• No kjem åtvaringar frå fleire hald mot forhasta nedslakting, særleg av mjølkeku, som er langsiktig kapital for både bøndene og meieri- og kjøtsamvirka. Det blir organisert dugnadstiltak blant bøndene for å hjelpe kvarandre med fôr, og styresmaktene lempar på tollsatsar for import og reglane for skadeerstatning. Men det finst ingen kjappe løysingar. Tørka er internasjonal, og importert fôr kan føre med seg smittsame sjukdommar. Bønder blir oppfordra til å hauste halvmodent korn som dyrefôr, men Toten-bonden Per Idar Vingebakke seier til Nationen at reknegrunnlaget for å gjera korn om til fôr er så komplisert at somme ikkje vågar å la kornåkeren gå til dyra.

• No står det om årets avling og inntekt for mange bønder, men dei langsiktige utsiktene er vel så dramatiske. Tørka kan føre til at fleire unge gjev opp ved generasjonsskifte, og den kan forsterke det som kan vera ei gryande konkursbølge i norsk landbruk. Når korn blir dyrefôr i stort omfang, vil det svekkje ei sjølvforsyning som er for låg frå før. Eit endra ver kan true matforsyninga, og då er det ikkje lenger eit landbruksproblem. Det er ikkje mykje å stille opp mot naturkreftene, men bøndene treng all mogleg sympati. Media kan bidra ved å halde tilbake sine tanketomme oppslag om «superver», med glødande sol over forsidene, og tørkesommaren gjev tyngd til kampen for meir effektive tiltak mot klimaendringane.