Print URL: http://www.klassekampen.no/article/20180507/PLUSS/180509906

Det skjer meir ved eit tariffoppgjer enn ein trur.

Alt går ikkje feil veg

Av Norvald Mo,
rådgjevar i Fellesforbundet

Publiseringsdato: Mandag 7. mai 2018

Seksjon: Fokus

Med rette er det eit sterkt fokus på fallande organisasjonsgrad i arbeidslivet og større inntektsforskjellar. Det som ikkje er bra er at det er så lite merksemd på det som går bra. Eg vil illustrera det gjennom eit par døme.

Det er sterkt mediefokus i sluttspurten av eit tariffoppgjer. Det er naturleg. Mogeleg streik har verknader for langt fleire enn dei som oppgjeret omfattar. Og fører eit oppgjer til streik, blir mediefokuset sterkare. Viss det derimot ikkje blir streik, skjer det motsette. Fokuset nærast forsvinn.

Ei side ved eit oppgjer som nesten aldri kjem fram, er kor mange medlemer som har stemt over forhandlings- eller meklingsresultatet, og dermed har avgjort om det vert ja eller nei. Ved avrøystinga over meklingsresultatet i oppgjeret mellom LO og NHO no i april var det 51.747 medlemer i Fellesforbundet som stemte. Det utgjorde 70 prosent av dei som kunne ha stemt. Av desse stemte 1023 blankt, medan 50.724 tok stilling. Det er ein større del enn til dømes deltakinga ved eit kommuneval i Norge. Kvart medlem måtte kvar for seg gjera seg opp ei meining om det som låg føre. «Var resultatet godt nok til å stemma ja, eller bør eg stemma nei?»

Det at så mange er med på ein slik prosess, er ein veldig viktig del av demokratiet i Norge. Det styrker kunnskapen til kvar enkelt om kva ein tariffavtale er for noko og kva avtalen inneheld.

Årets oppgjer omfatta eigne drøftingar om innhaldet i vilkåra når ein blir sendt bort for å arbeida. Gjeldande formuleringar har vore både omstridde mellom partane, og ført til masse ulikebehandling. Meklinga førte til meir tydelege formuleringar om når tid ein skal ha dekning for meirkostnader og ulemper ved å bli sendt ein annan stad enn der ein er tilsett for å arbeida.

Nær 70 prosent av medlemene som desse bestemmingane omfattar, stemte. 87 prosent av dei stemte ja. Nye bestemmingar har dermed solid støtte blant medlemene. Det er ein ekstra grunn for at ingen arbeidsgjevarar bør prøva på å koma seg unna dei nye bestemmingane. Nettopp det at så mange står bak, styrker verdien av tariffavtalen. Han står seg sterkare i den daglege bruken.

Statistikk viser at inntektsskilnader er aukande. Men bildet er likevel meir samansett. Forskar Bård Jordfald i Fafo har sett på lønsutviklinga for arbeidstakarar i privat sektor. Frå 2008 til 2015 var årslønsveksten til dei som låg på medianinntekt i løpet av desse åra 25,5 prosent, medan den tiandedelen med høgst inntekt hadde ein vekst på 28,8 prosent. Rett nok ein skilnad, men ikkje stor. På grunn av moderate oppgjer med låglønsprofil åra etter 2015 vil eg ikkje verta overraska over om inntektsveksten har vore enno likare.

Riksavtalen for hotell og restauranttilsette er det avtaleområdet som truleg vil få den beste lønsutviklinga innanfor Fellesforbundet sine område i 2018. Minsteløna innanfor dette området er heva, sjølv om ho framleis er for låg. Men det må ein også sjå i samanheng med at lønsnivået for fagarbeidarar med ansiennitet har vorte heva seinare år. Minsteløna etter ti år i yrket er etter oppgjeret på 185 kroner timen. Også det kunne vore betre.

Likevel: Norsk tariffpolitikk verkar. Den sikrar at arbeidstakarar dekka av tariffavtalar får ei positiv lønsutvikling, utviklinga er rimeleg stabil mellom grupper ved at «golvet» i tariffavtalane hever seg i takt med utviklinga i lønningane elles.

Hadde dette biletet kome betre fram, ville fleire sett verdien av å vera omfatta av tariffavtale. Kanskje eit tips til dei mange i media som skriv om personleg økonomi.

norvald.mo@fellesforbundet.no