Print URL: http://www.klassekampen.no/article/20180312/ARTICLE/180319994

Uanstendig

Av KJELL-ERIK N. KALLSET

Publiseringsdato: Mandag 12. mars 2018

Seksjon: Lederen

• Justisminister Sylvi Listhaug la fredag ut eit bilde av maskerte, væpna krigarar og følgande tekst: «Ap mener terroristenes rettigheter er viktigere enn nasjonens sikkerhet. Lik og del». Påstanden er usann, usakleg og uanstendig. Bakgrunnen er at Ap stemte imot at Justisdepartementet skal kunne ta passet frå framandkrigarar, fordi partiet meiner dette må avgjerast i ein domstol. Det er usant at forsvar for rettsstatsprinsipp betyr at Ap meiner rettane til terroristar er viktigast. Det er usakleg at angrepet er retta mot Ap, når stortings­fleirtalet står saman om dette, inkludert regjeringspartiet Venstre. Listhaug er uanstendig når ho prøver å gi inntrykk av at Ap, som sjølv vart råka av terroren 22. juli, står på sida til terroristar.

• Gjennom fleire år har vi sett at slike utspel er Sylvi Listhaugs metode og at Frp tener på dei. Dramaturgien er slik: Først går Listhaug ut med krast utfall mot innvandring eller motstandarar. Så blir mange provoserte og nokon krev at statsministeren må irettesette statsråden. Samtidig går tilhengarane til Listhaug til forsvar for henne. Til slutt seier statsministeren at ho ville ordlagt seg annleis, noko ho får ros for. Før valet i fjor skjedde dette fleire gonger, blant anna da Listhaug sa at KrF-leiaren sleiker imamar oppetter ryggen. Etter dei siste skuldingane frå Listhaug mot Ap har både Venstre og Høgre-folk reagert sterkt. Det overraskande no er at statsministeren ikkje markerer avstand, men stør Listhaug ved å seie at vedtaket gjer det «tyngre å bekjempe terror». Samtidig går ho til åtak på Ap for sjølve å bruke for sterke ord i innvandringsdebatten. Ho seier at «Ap må se seg selv i speilet.»

• Sylvi Listhaugs metode har hittil vore vellykka. Strid om utspela hennar førte til at innvandring skygga over andre saker og vart aller viktigast for veljarane i fjor. Listhaug bidrog til Frps sterke valresultat, til borgarleg fleirtal og til at regjeringa fekk halde fram. Sanninga er at Erna Solberg og Trine Skei Grande ikkje er på linje med Frp i synet på innvandring, men at dei har gjort seg avhengige av Listhaug for å få makt. Dette er rett og slett uanstendig.