Print URL: http://www.klassekampen.no/article/20180312/ARTICLE/180319991

Mange konkrete innspel då Forfattarforeininga i helga bestemte seg for å greia ut medlemskriteria sine.

Kan splitta rådet

Av Guri Kulås (tekst) og Christopher Olssøn (foto)

Publiseringsdato: Mandag 12. mars 2018

Seksjon: Kultur og medier

KAN OPNE FOR FLEIRE: Styret i Den norske Forfatterforening, her ved Kari Brænne, nestleiar Sigbjørn Skåden og leiar Heidi Marie Kriznik skal setje ned ein komite som skal vurdera medlemskriteria til foreininga.

Forfattarforeininga kan enda med ei formell deling av rådet som vurderer medlemskap og stipendsøknader.

LITTERATUR

Mot ei røyst vedtok årsmøtet i Den norske Forfattarforeining (DNF) å be styret setja ned ein komité som skal vurdera DNFs medlemskriterium. Vedtaket var som venta. Framlegget om utgreiing var fremja av Toril Brekke og støtta av styret i Forfattarforeininga.

– Eg er glad for vedtaket og for den konstruktive debatten framlegget vart møtt med, sa Brekke til Klassekampen etter voteringa.

Han meinte at årets debatt hadde ein annan tone enn mange tidlegare års medlemskapsdebattar.

– Eg kjem no til å følgja opp styret og det vidare arbeidet med vedtaket, for vi kan opplagt ikkje venta til neste ordinære årsmøte med å handsama saka, sa Brekke.

– Den nye komiteens mandat og tidsrammer for utgreiinga, er noko styret må ta opp på førstkomande møte, svarte leiar Heidi Marie Kriznik, på Klassekampens spørsmål om kva som vil skje vidare.

FAKTA

Medlemsdebatt:

• Årsmøtet i Den norske forfattarforeining (DNF) vedtok i helga å greia ut kriteria for medlemskap i DNF.

• Misnøye med DNFs skjønnsmessige kvalitetsvurdering av medlemssøknader førte på nyåret til opprettinga av den konkurrerande organisasjonen Forfattarforbundet.

• Mange er uroa for at ei splitting av forfattarane vil svekka norske forfattarar og norsk litteratur både økonomisk og politisk.

Konkurrerande forbund

At medlemskapsdebatten hastar, gav fleire av årsmøtedelegatane uttrykk for. I Forfattarforeiningas 125. år vart dei på nyåret for første gong utfordra av ein konkurrent, Forfattarforbundet.

Forfattarforbundet er dels etablert av folk som har fått avslag på medlemskap i DNF.

Leiar i Forfattarforbundet, Jan Ove Ekeberg, har overfor Klassekampen ytra særleg misnøye med at Forfattarforeiningas litterære råd gjer kvalitetsvurderingar av medlemssøkarane til DNF, samstundes som det same rådet forvaltar offentlege stipendmidlar som er opne for alle forfattarar.

Forfattarforbundet har alt meldt at dei vil krevja å få fordela delar av midlane frå Bibliotekverderlaget, verdiar som også er generert av medlemmar i Forfattarforbundet gjennom utlån i biblioteka.

I plenumsdebatten på DNFs årsmøte sundag, var Håvard Syvertsen uroa over at ordninga i dag «i praksis produserer eit inntrykk av kameraderi», jamvel om «vi alle her veit at stipendvurderingane er gjort ut frå grundige kvalitetskriterium».

Vil stå samla

Både frå talarstolen og i årsmøtesalen var fleire opptekne av at det er viktig for forfattarane å stå samla. Tidlegare leiar i DNF Sigmund Løvåsen minte om at Kulturdepartementet har ønska å ta frå kunstnarorganisasjonane oppnemningsretten til statelege stipendkomitear, og at medlemsstyrke og -breidde er viktigare enn nokon gong.

Det er likevel usemje blant medlemmane om kva som gjev DNF størst litteraturpolitisk tyngde, noko som òg kom fram i ein intervjuserie i Klassekampen på nyåret. Her forsvarte prislønte forfattarar som Hanne Ørstavik, Thorvald Steen og Ole Robert Sunde dagens opptaksordning, jamvel om dei alle i si tid fekk smertefulle avslag på sine første medlemskapssøknader.

Også i debatten sundag tok fleire til orde for at det er viktig å halda på Forfattarforeininga som ein kunstnarorganisasjon, som ikkje berre kan forsvara rettane til forfattarane, men også kan forsvara litteraturen mot utelukkande kommersiell vurdering.

Blant desse var leiar i Det litterære råd, Kristine Næss. Ho var likevel for at rådet bør gje frå seg ansvaret for medlemskapssøknadene. Noko som fekk gehør hos mange.

– Eg er for å dela opp funksjonane rådet har i dag, i eit organ for medlemskap og eit for stipendvurderingar. Samstundes ønskjer eg framleis kvalitetskriterium for medlemskap, men ei tydeleggjering og avmystifisering av desse, sa ho til Klassekampen.

Til liks med mange talarar på årsmøtet, ønskjer Næss at komiteen skal realitetshandsama ulike modellar for medlemsopptak.

Blant framlegga til formelle kriterium vart nemnt minst to bøker kjøpte inn av Kulturrådet, krav om normalkontrakt og krav om å ha gått gjennom profesjonell, redaksjonell vurdering. Endre Lund Eriksen var blant fleire som tok til orde for at det bør finnast fleire vegar til medlemskap, som at det å leva av forfattarskapen sin automatisk bør kvalifisera til medlemskap.

guri.kulaas@klassekampen.no