Print URL: http://www.klassekampen.no/article/20180308/ARTICLE/180309969

Fire fagforbund i privat sektor foreslår arbeidsmiljølovendring som tiltak mot seksuell trakassering:

Vil gje makt til verneombod

Av Jens Kihl (tekst) og Anniken C. Mohr (foto)

Publiseringsdato: Torsdag 8. mars 2018

Seksjon: Innenriks

BYGGJER LANDET: Gjennom å ta ei rekkje grep har Caverion blitt ein ålreit arbeidsplass for kvinnelege elektrikarar, meiner Kristine Wendt. No håpar ho stortingsfleirtalet vil bruke metoo-kampanjen til å kjempe hardare mot seksuell trakassering på norske arbeidsplassar.

NOK: Fire fagforbund vil endre lova så verneomboda kan arbeide hardare mot sextrakassering. – Det var verneombodet som hjelpte meg, fortel elektrikar og klubbleiar Kristine Wendt.

SEKSUELL TRAKASSERING

Ein gjeng karar i eit stillas på ein byggjeplass ser ei kvinne gå forbi. Dei plystrar og roper på henne. Og ho veit det godt: Går ho berre vidare, er ho prippen. Snur ho seg, er ho innbilsk.

Omtrent sånn er sjølve klisjeen om uønskt seksuell merksemd. Og akkurat dette har Kristine Wendt opplevd meir enn nok av.

Ho er elektrikar i Caverion og klubbleiar for EL og IT Forbundet. For tida er ho ei av mange hundre som arbeider med å reise det nye Nasjonalmuseet på Vestbanen i Oslo–Noregs største byggjeplass. I klubben er det 145 medlemer. Færre enn ti er kvinner.

– Det handlar om inkluderande arbeidsliv. Det skal vere mogleg å jobbe i alle yrke. Då kan det ikkje vere trakassering der. Ved å ha macho haldningar skyv du nokon vekk frå jobben, fortel Wendt til Klassekampen.

Sjølv har ho blitt meir merksam på slike spørsmål år for år.

– Eg byrja i læra då eg var 17 år. Då tenkte eg at det var ting eg berre måtte godta av dårlege kommentarar og liknande. Eg var åleine. Det var vanskeleg å ta opp ting og eg var usikker på kva haldningar som var dei rette.

FAKTA

Trakassert på jobben:

• EL og IT Forbundet, Fellesforbundet, Fellesorganisasjonen og Handel og Kontor har gått saman om eit brev til stortingspartia med desse krava:

• Kamp mot seksuell trakassering bør inn i arbeidsmiljølova.

• Noreg må få eit lågterskeltilbod som kan handheve forbodet mot seksuell trakassering.

• Verneomboda må få ei viktigare rolle i arbeidet mot seksuell trakassering.

Lange blikk og foto av pikk

Wendt fortel om fleire episodar og historier om kommentarar, blikk og andre tilnærmingar frå menn.

– Og pikkbilete! Eg har verkeleg fått min dose, seier Wendt.

Vendepunktet kom i 2012, då Wendt starta på eit prosjekt med ei anna kvinne.

– Då prata vi meir saman om kva som var greitt og ikkje, og verneombodet vårt melde frå til basen.

Ho er godt nøgd med Caverion, som ho meiner tek tak i strukturane. Mellom anna tok HMS-koordinator tak i problema, slik at dei ikkje lenger skulle kvile på kvar enkelt kvinne.

Saman om verneombod

EL og IT Forbundet, Fellesforbundet, Fellesorganisasjonen og Handel og Kontor har no gått saman om eit brev til stortingspartia. Dei vil at arbeidsmiljølova skal endrast slik at HMS-arbeidet skal omfatte kamp mot seksuell trakassering. Dei bed også om eit lågterskeltilbod for å handheve forbodet mot slik trakassering, og vil at verneombodet skal få ei viktigare rolle i arbeidet. Då må vedkomande få meir opplæring.

Wendt har tru på framlegga.

– I vårt tilfelle var det verneombodet som hjelpte. Men ikkje alle verneombod kan dette. Det er jo gjerne ein kollega det er snakk om, og då er det vanskelegare å ta tak i om du ikkje har fått oppdraget med å slå ned på seksuell trakassering, meiner Wendt, og legg til:

– Ofte er det jo ein bestekompis av verneombodet det blir meldt om.

Dei fire forbunda meiner alvoret er stort, og at det er all grunn til å gje saka plass i arbeidsmiljølova: «Erfaringene fra #metoo viser at vi må tenke på seksuell trakassering som en risiko på lik linje med det å få en fysisk skade på en byggeplass», skriv dei i brevet.

politikk@klassekampen.no

UNDERSAK

SV har (delvis) trua

I vinter samla statsminister Erna Solberg frå Høgre alle partia til møte om seksuell trakassering.

No arbeider partia med eit metoo-forlik på Stortinget, mellom anna bygd over framlegg frå Raudt og SV.

Freddy André Øvstegård er SVs medlem av familie- og kulturkomiteen på Stortinget. Han trur det kan bli gjennomslag.

– Det er eit gjennombrot at vi får politiske svar mot seksuell trakassering. Det har mange etterlyst, seier han.

Framlegga handlar mellom anna om krava frå dei fire fagforbunda (sjå hovudsak), i tillegg til å styrkje seksualundervisning i barnehage og skule.

– Vi går inn i forhandlingane med høge forventingar. Folk ventar at vi skal greie å gjere noko. Det verkar som at vi kan flytte noko her, seier Øvstegård.

Resultatet av forhandlingane blir klart i midten av mars.