Print URL: http://www.klassekampen.no/article/20180307/ARTICLE/180309978

Personar med minoritetsbakgrunn er kraftig underrepresentert i offentlege utval:

Kritiserer kvite komitear

Av Jens Kihl og Kjetil Magne Sørenes (tekst) og Tom Henning Bratlie (foto)

Publiseringsdato: Onsdag 7. mars 2018

Seksjon: Politikk

MINORITY REPORT: Marte Gerhardsen er leiar for den sosialdemokratiske tankesmia Agenda og meiner det er altfor få med minoritetsbakgrunn i norske utval og regjeringar.

MAKT: Berre 2,6 prosent av medlemene i offentlege utval har minoritetsbakgrunn – og talet er dalande. Det viser eit nytt Agenda-notat.

LIKESTILLING

34 av 1316. Det er fasit for kor mange personar med minoritetsbakgrunn som har fått plass i eit offentleg utval sidan 2009.

Tankesmien Agenda har gått gjennom alle offentlege utval sett ned dei siste ni år, og tala er nedslåande: Prosenten minoritetar i slike utval er langt lågare enn storleiken på denne gruppa i folket elles skulle tilseie.

FAKTA

Minoritetar:

• Tankesmien Agenda har nytta Statistisk sentralbyrås (SSB) landskategoriar i sin definisjon på minoritetsbefolkninga.

• Definisjonen rommar innvandrarar eller barn av innvandrarar frå Asia, Afrika, Latin-Amerika, Oseania unnateke Australia og New Zealand, og Europa utanom EU og EØS-landa.

• Denne gruppa kallar SSB landsgruppe 2. Dette er 10,1 prosent av Noregs innbyggjarar i 2018.

Svært kritisk

Om ein legg Statistisk sentralbyrå sin definisjon av minoritetar til grunn, har om lag 10 prosent av folket minoritetsbakgrunn. Her er nasjonale urfolk og minoritetar ikkje rekna inn.

Rapporten viser også at folk med minoritetsbakgrunn gjerne blir plassert i offentlege utval der temaet er innvandring og integrering. Meir allmenne tema som skatt eller pensjon blir tildelt blendakvite utval.

Marte Gerhardsen, leiar i Agenda, er svært kritisk til utviklinga.

– Denne delen av folket er sterkt underrepresentert i det offentlege, politiske Noreg.

Kvit regjering, kvite utval

Då det nye regjeringsapparatet blei presentert i januar, fekk statsminister Erna Solberg frå Høgre sterk kritikk for ikkje å ha funne plass til ein einaste statsråd eller statssekretær med minoritetsbakgrunn.

Dette er svakare enn både dei raudgrøne regjeringane og Solberg 1-regjeringa.

– Solberg 2-regjeringa er heilt utan ambisjonar på dette området. Ingen har minoritetsbakgrunn. Det er både rart og trist i 2018. Det handlar om representativitet, meiner Gerhardsen.

– Den delen av folket som har minoritetsbakgrunn må oppleve at dei blir representert. I tillegg er det grunn til å tru at dei har erfaringar som er viktige å ha med seg, seier Gerhardsen.

NOU-makt

Dei siste tiåra har offentlege utval, som skriv såkalla NOU-ar (Norske offentlege utgreiingar), blitt stadig viktigare.

– Der er det nesten ingen med minoritetsbakgrunn med. Det er også gjerne dei same som går igjen, seier Gerhardsen og nemner Agenda-kollega Sylo Taraku som sit i slike utval.

– Det er slåande at Arbeidsdepartementet ikkje har hatt med ein einaste med minoritetsbakgrunn dei siste ti åra. Det må vere lov å seie at Solberg-regjeringa – og Høgre – er veldig dårlege.

– Men Stoltenberg-regjeringa kan vel heller ikkje vere stolte av resultata?

– Nei, dei kunne gjort mykje meir. Men det er trass alt dårlegare no. Det ser ut som det er mindre medvit om dette på høgresida.

Klassekampen har bede om ein kommentar til rapporten frå kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner frå Høgre.

Kunnskapsdepartementet, som er ansvarleg fagdepartement, fekk opplyst dei relevante tala frå Agenda-rapporten, men ønskte likevel ikkje å kommentere innhaldet.

«Vi har tatt en ny runde her, og vi ønsker ikke å kommentere før vi har sett hele rapporten. Da kommenterer vi gjerne», skriv Ajfer Husejin, kommunikasjonsrådgjevar i Kunnskapsdepartementet, i ein e-post til Klassekampen.

politikk@klassekampen.no

UNDERSAK

– Det har blitt verre med Frp

Akhenaton Oddvar de Leon leier Organisasjonen mot offentlig diskriminering (Omod). Han er ikkje overraska over tala frå Agenda.

– Dette har alltid vore eit problem. Men no er det full stopp. Det har blitt verre med Frp i regjering, seier han.

– For ti år sidan hadde ein i det minste ein ambisjon og ein vilje om å gjere noko med dette. Det klarer ikkje den nye regjeringa i det heile.

De Leon fortel at Omod har skrive fleire brev til regjeringa om dei offentlege utvala.

– Vi meiner dette er eit alvorleg demokratisk problem. Dei siste åra har ein ny generasjon med minoritetsbakgrunn innteke partia og dei offentlege institusjonane. Den kritiske massen er der, utan at hjelper. Kvifor ikkje? Ein må rekruttere betre og på ein meir heilskapleg måte.