Print URL: http://www.klassekampen.no/article/20180306/ARTICLE/180309979

• Sandra Bruflot vil gå i 8. mars-tog for Sumaya Jirde Ali • Erna Solberg går ikkje

Tek Sumaya i forsvar

Av Jens Kihl

Publiseringsdato: Tirsdag 6. mars 2018

Seksjon: Politikk

UT MOT NETTROLLA: Statsminister og Høgre-leiar Erna Solberg meiner nettrolla på ytre høgre og mennene som driv sosial kontroll i innvandrarmiljø har mykje til felles. Her frå valvaka 2017. FOTO: JOHN TRYGVE TOLLEFSEN

SLÅR RING: Statsminister Erna Solberg meiner Sumaya Jirde Ali er utsett for negativ sosial kontroll frå ytre høgre. Unge Høgre-leiaren vil gå i tog for samfunnsdebattanten.

8. mars

Det stormar rundt samfunnsdebattanten Sumaya Jirde Ali etter at nettavisa Resett starta det dei har omtalt som ein «kampanje» mot henne sist veke.

Sist torsdag melde Ali at presset mot henne blei for stort og at ho valde å trekkje seg som hovudtalar ved 8. mars-demonstrasjonen i Bergen.

No tek statsminister Erna Solberg den radikale forfattaren varmt i forsvar.

«Måten Sumaya og andre unge debattanter møtes på, er forkastelig. Jeg har advart mange ganger om at om slike stemmer stilner, så svekkes demokratiet. Hvis de ikke opplever at ytringsfrihet og demokrati også er deres plattform, kan vi få mer ekstremisme. Da er hatprat med på å gjøre integreringen vanskeligere», skriv Solberg til Klassekampen.

Erna Solberg vel likevel ikkje å gå i tog for Ali:

«Som mange andre kvinner velger jeg å markere kvinnedagen uten å delta i toget. Men jeg deltar på flere andre arrangementer den dagen.»

FAKTA

Sumaya Jirde Ali:

• 20 år gamal, frå Somalia, oppvaksen i Bodø. Forfattar og skribent, mellom anna i Klassekampen. Har fått Zola-prisen for sine ytringar.

Erna Solberg 8. mars:

• På kvinnedagen skal statsminister Erna Solberg mellom anna dette:

• Ha innspelsmøte med minoritetskvinner.

• Møte sosiale entreprenørar og gründerar som vil hjelpe innvandrarkvinner til å skaffe seg arbeid og inntekt.

• Opne ein konferanse i regi av Mental Helse.

Kjelde: Statsministerens kontor

Utsett for sosial kontroll

Høgre-leiaren meiner Ali er utsett for sosial kontroll frå ytre høgre:

«Det er helt uakseptabelt at Sumaya utsettes for negativ sosial kontroll fra nettroll på ytterste høyre. Med det mener jeg at de gjennom sin aggressive oppførsel har lyktes med å midlertidig tvinge henne til taushet.»

Statsministeren samanliknar denne kontrollen med den æreskulturen som er å finne i somme innvandrarmiljø:

«Negativ sosial kontroll er alltid uakseptabelt. Det er et paradoks at norske mannfolk/menn som klager over æreskultur i innvandrermiljøer, utøver en minst like streng sosial kontroll – bare med andre virkemidler.»

Bruflot vurderer toget

Sandra Bruflot er leiar for Unge Høgre. Ho er djupt uroa for den hetsen Sumaya Jirde Ali blir utsett for og er ikkje framand for å stille på Youngstorget i Oslo på torsdag.

Dette har tradisjonelt vore ein arena Unge Høgre har halde seg langt unna.

– Vurderer du å gå i årets 8. mars-tog?

– I år er ein av parolane mot sosial kontroll. Om eg går i 8. mars-toget, er det under den parolen. Det er ekstra viktig å gå no, sjølv om Sumaya Jirde Ali og eg nok er ueinige om veldig mykje, seier Bruflot.

Ho er svært kritisk til Resett-redaktør Helge Lurås:

– For det fyrste tek han heile høgresida til inntekt for sitt syn. Til det er det éin ting å seie: Eg er ikkje di høgreside.

– For det andre må vi snakke om korleis dei omtaler Sumaya Jirde Ali. Tinga dei skriv er heilt forkastelege. Dei kan ikkje seie at ho er uangripeleg på grunn av hudfarge, kjønn og klede, for så å gå til åtak mot henne av akkurat dei same grunnane, seier Bruflot.

– Eg seier ikkje at det er greitt å seie «Fuck Listhaug», men du skal ikkje få dødstruslar for det. Om eg seier «Fuck Listhaug», hadde mykje skjedd, men ikkje dette. Det er fordi eg er kvit og utan hijab, meiner Unge Høgre-leiaren.

– For det tredje må høgresida vere ei sterkare stemme i å forsvare ytringsfridomen. Eg er ikkje ein del av det Resett kallar den «innvandringsrealistiske» høgre­sida. Kanskje er det likevel lettare for meg å gå inn i denne debatten. Helge Lurås må ta redaktøransvaret på alvor, seier Bruflot, som understrekar at ho og høgresida ikkje er offer eller hovudperson i denne saka.

– Korleis kan ein sikre at folk som Sumaya Jirde Ali ikkje berre har ein teoretisk ytringsfridom, men at det er praktisk mogleg for henne å ytre seg?

–Ein ting er at ho må sleppe å stå åleine. Eg vil aldri provosere like mykje som ho gjer, ettersom eg er kvit og utan hijab. Vi kan seie høgt og tydeleg frå mot Resett.

Resett: Lei av fløystempel

Resett-redaktør Helge Lurås meiner Erna Solberg er på ville vegar.

– Ho kan ikkje kome med slik upresis kritikk utan å stå for det. Meiner ho Resett og meg? spør Helge Lurås.

Han inviterer statsministeren til å debattere med han andlet til andlet.

– Sandra Bruflot må vere meir konkret. Kva er det heilt konkret som er kritikkverdig. Om ho ikkje kan svare på det, blir det berre karakteristikkar og vage vendingar.

Lurås meiner denne debatten er blitt vanskeleg:

– Det er vanskeleg å peike på kritikk av Sumaya Jirde Ali utan å bli eit monster, seier Lurås.

Han meiner heller ikkje at han gjev seg ut for å representere høgresida.

– Eg har ikkje noko problem med at Bruflot ikkje føler seg representert av meg. Eg er ikkje så glad i omgrepa høgre- og venstreside, seier han.

politikk@klassekampen.no