Print URL: http://www.klassekampen.no/article/20180220/ARTICLE/180229996

• Store kostnadar gjev uvisse om prestisjeprosjekt • Kryssinga av Sognefjorden ligg tynt an

Ferjefri E39 kraftig forsinka

Av Gunnar Wiederstrøm, Bergen (tekst og foto)

Publiseringsdato: Tirsdag 20. februar 2018

Seksjon: Innenriks

OVER OG UT? Kryssinga av Sognefjorden er eit av prosjekta for ferjefri E39 som ligg tynnast an. Det er dyrt, krevjande teknologisk og har liten trafikk. Foto: Statens Vegvesen

NY PLAN: I 2013 lanserte Stoltenberg-regjeringa prosjektet ferjefri E39 med ferdigstilling innan 20 år. No førebur Statens vegvesen ei utsetjing på 17 år.

samferdsel

På eit seminar for fylkeskommunane langs E39 på Gardermoen 5. februar vart bomba sloppe. Statens vegvesen legg ein ny strategi for prosjektet. Strekninga Kristiansand – Trondheim er tidlegast ferjefri i 2050.

– Det som uroar meg, er at når noko vert skyvd så langt ut i tid, så har vi ingen tryggleik for at alle prosjekta kjem på plass, seier fylkesordførar i Møre og Romsdal, Jon Aasen (Ap), til Klassekampen.

– Det vert berre endå ein plan, legg han til.

FAKTA

Ferjefri E39:

• Prosjektet skal fjerne alle sju ferjestrekningar mellom Kristiansand og Trondheim og erstatte dei med bruer og tunnelar. Det vil halvere reisetida til elleve timar.

• Rogfast i Rogaland er første prosjekt ut med verdas lengste undersjøiske tunnel. Prisen er 17 milliardar kroner.

• I Hordaland er prosjektet Hordfast prissett til 35 milliardar kroner.

• I Sogn og Fjordane er kryssinga av Sognefjorden og Nordfjord dei store prosjekta.

• I Møre og Romsdal gjev Møreaksen, eitt av tre prosjekt, ferjefritt samband mellom Ålesund og Molde.

Kostnadsbombe

Det såg heilt annleis ut for berre få år sidan. I Nasjonal transportplan 2010–2019, vedteken av Stortinget, var målet ferjefri E39 innan 20 år.

I Nasjonal transportplan 2014–2023 var målet det same; ferjefri E39 innan 20 år.

I februar 2016 kom vegvesen-rapporten «Utviklingsstrategi for ferjefri og utbedret E39». Også her var tidfestinga 20 år.

Kostnadane var no sett til 340 milliardar kroner, opp frå 150 milliardar, då dei første ferjefrie ambisjonane vart presenterte. Desse nye kostnadstala fekk fleire til å stegle.

Urealistisk plan

Statsminister Erna Solberg sa at kostnadane måtte ned. Dåverande statssekretær i Samferdsledepartementet, Tom-Christer Nilsen, uttalte til fleire aviser i februar 2017 at det ville vere kjempeutfordrande å få ferjefri E39 på 20 år.

Då ny Nasjonal transportplan for 2018–2029 kom i vinter, var målet framleis at E39 skulle verte ferjefri, men det var ikkje sett eit årstal for når det skulle skje.

I staden skulle økonomisk handlingsrom, teknologisk utvikling og tempoet i planlegginga styre framdrifta:

• Den enorme kostnadsveksten frå 150 til 340 milliardar kroner gjorde ei ferdigstilling på 20 år usannsynleg. Jamvel om vegvesenet i det siste har gjort det dei kan for å kutte kostnadar, er prisen for høg.

• Planlegginga er omfattande og prosessane er særs tidkrevjande, jamvel om staten styrer det heile, også kommunedelplanar og reguleringsplanar.

• Dei lange fjordkryssingane er teknologisk krevjande og det tek tid å utvikle og kvalitetssikre dei nye løysingane.

Ikkje informert

Stortinget er førebels ikkje informert om den nye strategien til vegvesenet. Der gjeld formelt det siste vedtaket om ei ferdigstilling i 2035.

No vil det ikkje kome overraskande på stortingspolitikarane at prosjektet ikkje kjem i mål då. Signala både frå departement og vegvesen peiker i retning av ei utsetjing.

Leiar i Transport og kommunikasjonskomiteen på Stortinget, Helge Orten (H), seier ein endring i framdrifta var naudsynt.

– Eg kjenner ikkje kva som ligg til grunn for strategien. Så lenge dei prosjekta som gjev mest nytte, kortar reisetida mest, har høgast trafikk og knyter saman større arbeidsmarknadar kjem først, verkar framdriftsplanen fornuftig, seier han.

– Planar utan realisering

Orten meiner kryssinga av Sognefjorden er eit av prosjekta som er minst moge og som nok vil verte skyvd ut i tid.

Fylkesordførar Jon Aasen er ikkje like roleg.

– Eg skal ikkje mane fram skrømt på høglys dag, men når dette vert strekt ut i tid, slik vegvesenet no førebur seg på, går fleire prosjekt over til å verte fine planar utan realisering.

– Korleis reagerer du på framlegget til utsetjing?

– Med ei viss danning i første omgang. Eg vil venta med å kome med sterkare reaksjonar til eg har meir handfaste signal på kva veg denne saka går, seier Aasen.

Også han trur kryssinga av Sognefjorden er det prosjektet som det no spøkjer for.

gunnarw@klassekampen.no

UNDERSAK

Betre vegar

– Utsetjinga av ferjefri E39 opnar for eit viktig ordskifte om kva for prosjekt som skal prioriterast, seier nestleiar i transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget, Jon Gunnes (V).

Han spør seg om det ikkje er riktigare å prioritere vegane mellom dei store bruene og dei undersjøiske tunnelane først.

– Dei som representerer næringslivet, meiner nok at dette er viktigast. Desse utbetringane inkludert tunnelar og rasutsette strekningar bør starte no, seier Gunnes.

Pengane er den store utfordringa. Presentasjonen som Kjetil Strand, leiar av delprosjekt Strategi heldt under møtet på Gardermoen, er ikkje til å mistyde:

Jamvel ei ferdigstilling innan 2050 krev særs store årlege løyvingar, tre til seks gonger større enn det som er sett av fram til 2024.

Medan regjeringspartiet Venstre vil snu opp ned på prioriteringane langs E39, vil vegdirektør Terje Moe Gustavsen prioritera dei ulike prosjekta ut frå desse kriteria:

Prosjekt som er starta eller prioritert i Nasjonal transportplan 2018–2029; prosjekt som gjev stor samfunnsnytte og kortare reisetid; og til sist tunneltryggleik, dårleg standard og skredfare.

Politisk leiing i Samferdsledepartementet har ikkje svart på spørsmåla frå Klassekampen.